PPT søkjer engasjert rådgjevar

Vestland fylkeskommune

Stord

On-site

NOK 650,000 - 900,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

God offentleg tenestepensjon

Job summary

Vestland fylkeskommune søkjer 100% fast PPT-konsulent med kontorstad på Stord. Stillinga krev høgare utdanning innan spesialpedagogikk, pedagogikk eller psykologi, og god kjennskap til vidaregåande opplæring. Du vil jobbe i eit tverrfagleg PPT-team og rettleie ungdom og lærlingar i regionen.

Arbeidet krev sjølvstende og vil involvere reise til samarbeidspartnarar frå Bømlo i nord til Odda i sør. Løns- og arbeidsvilkår følger Vestland fylkeskommune-avtalar, og ein prøvetid på 6 månader er vanlig.

Qualifications

  • Utdanning på høgare nivå innan spesialpedagogikk, pedagogikk eller psykologi.
  • Gode kunnskapar til vidaregåande opplæring.
  • Kjennskap til læreplanverket og PPT-arbeid er ein fordel.
  • Erfaring frå PPT og kartleggingskompetanse er ein fordel.

Responsibilities

  • Utarbeide sakkunnige vurderingar og uttalar knytt til PPT sitt mandat.
  • Bidra til kompetanseutvikling i skulen, med mål om best mogleg opplæringstilbod for elevar og lærlingar.
  • Arbeide førebyggande for å sikre gjennomføring i vidaregåande opplæring.
  • Utføre andre arbeidsoppgåver som kan bli lagt til stillinga.

Skills

Samarbeidsevne
sjølvstende
Fleksibilitet

Education

Høgare nivå innan spesialpedagogikk/pedagogikk/psykologi

Job description

Vil du vere med å gjere ein skilnad for ungdom i Ullensvang og Sunnhordland?

Rettleiingstenesta legg til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skular, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, og rettleie vaksne. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne.

Rettleiingstenesta Vestland sør dekkjer kommunane Fitjar, Tysnes, Stord, Bømlo, Sveio, Etne, Kvinnherad og Ullensvang. Vi har kontorstad på Stord og kontor ved dei vidaregåande skulane i vårt område.

Vi har ledig 100% fast stilling innan PPT med kontorstad på Stord.

Bidra til at vi leverer tenester med høg fagleg kvalitet til elevar og lærlingar ved å:

  • utarbeide sakkunnige vurderingar og uttaler knytt til PPT sitt mandat
  • bidra til kompetanseutvikling i skulen med mål om å gi elevar eit best mogleg opplæringstilbod
  • arbeide førebyggande for å sikre gjennomføring i vidaregåande
  • utføre andre arbeidsoppgåver som kan bli lagt til stillinga

Arbeidsoppgåver og arbeidsform i tenesta krev stor grad av sjølvstende. Du må rekne med mykje reiseverksemd ut til samarbeidspartnerar i regionen frå Bømlo i nord til Odda i sør.

Kvalifikasjonar
  • utdanning på høgare nivå, fortrinnsvis innan spesialpedagogikk, pedagogikk eller psykologi
  • god kjennskap til og erfaring frå vidaregåande opplæring
  • kjennskap til læreplanverket er ein fordel
  • erfaring frå PPT og kartleggingskompetanse er ein fordel
Personlege eigenskapar
  • har evne til å samarbeide, men òg arbeide sjølvstendig
  • er fleksibel, inkluderande og byggjer gode relasjonar med ungdom og kollegaer

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

  • Meiningsfylt og givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring, i eit fagleg og sterkt tverrfagleg miljø.
  • Eit uformelt arbeidsmiljø der vi heiar på kvarandre, inkluderer kvarandre og løftar kvarandre fagleg.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
  • God offentleg tenestepensjon, ei av dei sikraste pensjonsordningane i Noreg.
  • Stillingsnemning konsulent, rådgjevar, seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring.

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

PPT søkjer engasjert rådgjevar
PPT søkjer engasjert rådgjevar

Rettleiingstenesta Vestland sør, Vestland fylkeskommune • Leirvik

On-site
NOK 520,000 - 720,000
God offentleg tenestepensjon
Gode forsikringsvilkår
PPT søkjer engasjert rådgjevar
PPT søkjer engasjert rådgjevar

Twoja Norwegia • Leirvik

Remote
NOK 550,000 - 700,000
Offentleg tenestepensjon
Gode forsikringsvilkår
Stillingsnamn konsulent/ rådgjevar/sen
PPT søkjer engasjert rådgjevar
PPT søkjer engasjert rådgjevar

Ragnhild Ravna Skjærvik • Leirvik

On-site
NOK 600,000 - 750,000
Gode forsikringsvilkår
God offentleg tenestepensjon
Uformelt arbeidsmiljø
Rådgjevar
Rådgjevar

Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Rådgjevar
Rådgjevar

Rettleiingstenesta Bergensområdet sør, Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 600,000 - 750,000
Gjevande arbeid med ungdom og vaksne
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Stillingsnemning konsulent/rådgjevar/s
Pedagogisk psykologisk tjeneste (PPT)
Pedagogisk psykologisk tjeneste (PPT)

Gro Bjørnstadjordet Ericson • Molde

On-site
Confidential
Fleksibel arbeidstid
Godt arbeidsmiljø
Deltakelse i nettverk for PPT-psykologer
PP-rådgiver
PP-rådgiver

PPT Region Nord, Trøndelag fylkeskommune • Namsos

On-site
NOK 460,000 - 580,000
Bedriftshelsetjeneste
Fleksibel arbeidstid
Lønn etter avtale
Rådgjevar PPT: Engasjert for ungdom og lærlingar
Rådgjevar PPT: Engasjert for ungdom og lærlingar

Vestland fylkeskommune • Stord

On-site
NOK 650,000 - 900,000
God offentleg tenestepensjon
PP-rådgiver
PP-rådgiver

Andreas Dahlum • Namsos

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Fleksibel arbeidstid
Bedriftshelsetjeneste
Varierte arbeidsoppgaver
+2
Ledig vikariat som PP-rådgiver 100%
Ledig vikariat som PP-rådgiver 100%

Halden kommune • Halden

On-site
NOK 580,000 - 700,000
Offentlig tjenestepensjon (2%)