A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Vestland fylkeskommune utlyser 100% fast stilling som PPT-konsulent med kontorstad på Stord. Du vil bidra til høg fagleg kvalitet ved å rettele elevar og lærlingar, utarbeide vurderingar og kartleggingskompetanse knytt til PPT sitt mandat, og delta i opplæring og kompetanseutvikling.
Vi søkjer deg som har relevant høg utdanning, god munnleg og skriftleg framstillingsevne, og som har erfaring frå PPT. Førarkort klasse B og politiattest er krav.
Vil du vere med å gjere ein skilnad for ungdom i Ullensvang og Sunnhordland?
Rettleiingstenesta legg til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skular, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, og rettleie vaksne. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne.
Rettleiingstenesta Vestland sør dekkjer kommunane Fitjar, Tysnes, Stord, Bømlo, Sveio, Etne, Kvinnherad og Ullensvang. Vi har kontorstad på Stord og kontor ved dei vidaregåande skulane i vårt område.
Vi har ledig 100% fast stilling innan PPT med kontorstad på Stord.
Bidra til at vi leverer tenester med høg fagleg kvalitet til elevar og lærlingar ved å:
Arbeidsoppgåver og arbeidsform i tenesta krev stor grad av sjølvstende. Du må rekne med mye reiseverksemd ut til samarbeidspartnerar i regionen frå Bømlo i nord til Odda i sør.
Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Vi søkjer etter deg som:
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Ragnhild Ravna Skjærvik,leiar,41432387,Ragnhild.Ravna.Skjaervik@vlfk.no
Vikastemmo 35
5411Stord
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5195707385
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2026