Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Universitetet i Bergen (UiB) søker ph.d.-stipendiat ved Matematisk institutt for utdanningsforsking. Stillinga er knytt til kvalitetsfremjande tiltak i matematikkundervisninga i høgare utdanning, og er ein treårig stipendiatstilling, med høve til eit fjerde år knytt til undervisning eller formidling.
Stipendiatperioden er finansiert av UiB og er delvis knytt til Erasmus+ prosjektet MINT. Søkjarar må ha mastergrad i matematikk eller eit nært fagområde og vere i stand til å bruke engelsk skriftleg
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat innen utdanningsforsking for å studere kvalitetsfremjande tiltak i matematikkundervisninga i høgere utdanning. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av karrierefremjande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av UiB og er delvis knytt til Erasmus+ prosjektet MINT (Mathematics Innovation in New Teaching).
I dagens høgteknologiske samfunn, er kompetanse innen matematiske fag viktigare enn nokosinne for å lykkast med å løysa dagens og framtidige utfordringar: matematikk er språket til naturvitskapen. Matematisk institutt (MI) har eit stort undervisningsansvar for å utvikle nødvendig matematisk kompetanse, spesielt i tidelege stadium av studieløpet i STEM-utdanningane (Science, Technology, Engineering and Math).Undervisningsopplegg med førebuande plenum forelesningar, gruppe-øvingar og obligatoriske innleveringa har vore standard gjennom fleire tiår, men inspirert av nye studentaktive undervisningsformer har instituttet satt i gang fleire studiekvalitetsprosjekt i samarbeid med Forskingssenter i realfagslæring (SERC ) med mål om å auke studentane sitt læringsutbyte.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmane arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samle tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga:Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innenfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet vedFakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillingen eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Utfyllende opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: instituttleiar Antonella Zanna, på Antonella.Zanna@uib.no eller professor Sehoya Cotner på Sehoya.Cotner@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikke blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan bli positivt særbehandla. Vi inviteri alltid minst ein kvalifisert søkjar fra kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.