Eine vollständige Bewerbung in einer Minute
Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.
Fjord1 AS søker ei dekkssjef/overstyrmann i Askvoll-området (MF Nordfjord) i 50% stilling med oppstart etter avtale. Stillinga krev bustad i rimelig avstand frå Askvoll og varig engasjement fram til 1.11.2027, med hovud ansvar for dekksavdeling og operativ leiing om bord.
Arbeidet gir brei erfaring i navigasjon til kai, samarbeid og trygg handsaming. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande og oppstart skjer etter avtale.
Dekkssjef/overstyrmann (50% engasjement) til Askvoll-Fure-Værlandet, p.t. MF Nordfjord
Dette er eit engasjement i 50% stilling som varer fram til 1.11.2027. Ein må bu i rimeleg avstand fra Askvoll.
Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir brei erfaring med manøvrering til og frå kai. Du vil utvikle verdifull kompetanse i samarbeid, vurderingar og trygg handtering - erfaringer som er nyttig i videre arbeid til sjøs.
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Oppstart etter avtale.
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.