Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Folgefonn DPS i Valen søkjer ein engasjert medarbeidar til Allmennpsykiatrisk poliklinikk. Du blir del av eit levande, tverrfagleg miljø med fokus på kvalitet, utvikling og god pasientbehandling.
Du vil arbeide i eit miljø med overlegar i psykiatri, LIS-/ALIS-legar og psykologar, og bidra til diagnostikk, behandling, rettleiing og fagutvikling.
Vil du vere med og forme framtida innan psykisk helsevern?
Hos Folgefonn DPS blir du ein del av eit levande, inkluderande og tverrfagleg behandlingsmiljø der fagleg kvalitet, samarbeid og utvikling står i sentrum. Vi tilbyr eit breitt spekter av behandlingstilbod innan psykisk helsevern og rusbehandling (TSB), med lokasjonar på Valen og i Odda. Her møter du eit sterkt fagmiljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, LIS-/ALIS-legar, psykologar under spesialisering og høgskuleutdanna medarbeidarar med vidareutdanning. Saman arbeider vi for å gi innbyggjarane i Kvinnherad og Ullensvang eit godt, heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod.

Vi er inne i ei spennande utviklingsfase der vi vidareutviklar både polikliniske tilbod og døgnbehandling. No har vi ei ledig stilling ved Allmennpsykiatrisk poliklinikk, og dette gir deg ei unik moglegheit til å vere med og påverke fagutviklinga, bidra med nye perspektiv og vere ein del av eit miljø som er oppteke av læring, kvalitet og nytenking.
Arbeidsplassen vil vere på Valen, anten i poliklinikk eller døgnseksjon. Dersom du ønskjer ein meiningsfull arbeidskvardag med faglege utfordringar, engasjerte kollegaer og gode moglegheiter for vidare utvikling, håpar vi å høyre frå deg.
Intervju kan bli gjennomførte fortløpande i utlysningsperioden.
Velkomen til Folgefonn DPS – der fag, utvikling og engasjement møtest!
Hos oss er det viktig at du
Maren Elise Skogseth,Avdelingsleder Folgefonn DPS,maren.elise.skogseth@helse-fonna.no
Sjukehusvegen 13
5451Valen
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5176053839
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 30.09.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.