Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Folgefonn DPS i Valen tilbyr eit breitt spekter av behandlingstilbod innan psykisk helsevern og rusbehandling. Vi søker ein fagperson som kan bidra til klinisk arbeid i eit tverrfagleg team og delta i fylgjeoppgåver som rettleiing og undervisning, med faste oppgåver i poliklinikk/døgnseksjon.
Arbeidsplassen er på Valen i eit inkluderande miljø, med høg fagleg kvalitet, fokus på utvikling og nytenking. Intervju kan skje fortløpande i utlysningsperioden, og startdato er innan 04.01.2027.
Vil du vere med og forme framtida innen psykisk helsevern?
Hos Folgefonn DPS blir du ein del av eit levande, inkluderande og tverrfagleg behandlingsmiljø der fagleg kvalitet, samarbeid og utvikling står i sentrum. Vi tilbyr eit breitt spekter av behandlingstilbod innen psykisk helsevern og rusbehandling (TSB), med lokasjonar på Valen og i Odda. Her møter du eit sterkt fagmiljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, LIS-/ALIS-legar, psykologar under spesialisering og høgskuleutdanna medarbeidarar med vidareutdanning.
Vi er inne i ei spennande utviklingsfase der vi vidareutviklar både polikliniske tilbod og døgnbehandling. No har vi ei ledig stilling ved Allmennpsykiatrisk poliklinikk, og dette gir deg ei unik moglegheit til å vere med og påverke fagutviklinga, bidra med nye perspektiv og vere ein del av eit miljø som er oppteke av læring, kvalitet og nytenking.
Arbeidsplassen vil vere på Valen, anten i poliklinikk eller døgnseksjon. Dersom du ønskjer ein meiningsfull arbeidskvardag med faglege utfordringar, engasjerte kollegaer og gode moglegheiter for vidare utvikling, håpar vi å høyre frå deg.
Intervju kan bli gjennomførte fortløpande i utlysningsperioden.
Velkomen til Folgefonn DPS – der fag, utvikling og engasjement møtest!
Hos oss er det viktig at du
Maren Elise Skogseth,Avdelingsleder Folgefonn DPS,maren.elise.skogseth@helse-fonna.no
Sjukehusvegen 13 5451Valen
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5176053839
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 30.09.2026