A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Bergen i Bergen søker fast Overlege i karkirurgi ved Haukeland universitetssjukehus. Stillinga er knytt til Karkirurgisk avdeling og omfattar diagnostikk og behandling av eit breitt spekter av karkirurgiske tilstandar, inkludert open og endovaskulær kirurgi.
Stillinga inngår i vaktordning og krev at søkjar er spesialist i karkirurgi, eller i sluttfasen av spesialisering. Søkar må vere norsk-kyndig og med høg fagleg integritet, samt kunne handtere vanlege akutt-problemstillingar
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kirurgisk klinikk, Avdeling for karkirurgi, har ledig fast stilling som Overlege i karkirurgi. Dette er ein unik moglegheit til å arbeide ved ei av dei mest avanserte og aktive karkirurgiske avdelingane i Noreg. Karkirurgisk avdeling diagnostiserer og behandlar eit breitt spekter av karkirurgiske tilstandar, inkludert open og endovaskulær kirurgi for aneurismer, carotiskirurgi, perifer karkirurgi og aksesskirurgi. Vi har eit tett samarbeid med intervensjonsradiologisk avdeling, thoraxkirurgi, kardiologi og traumesenteret, og deltar i mottak av multitraumatiserte pasientar. Avdelinga er tertiærsenter for heile Vestlandet. Vakttenesta inngår deltaking i mottak av multitraumatiserte pasientar i samarbeid med Traumesenteret i Bergen. Stillinga inngår i den vaktordninga som til ein kvar tid gjeld ved Karkirurgisk avdeling. Dei tre overlegestillingane vil alle vere på lik linje ift arbeidsoppgåver som avdelingas øvrige overlegar, imidlertid vil stillinga ha eit knytt til ansvarsområde.
Dei tre ulike ansvarsområda vil vere;
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.