An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Saferoad Vik Ørsta søkjer operatør i galvaniseringsteamet. Du blir ein del av eit produksjonsteam og sørgjer for at produkta våre får den overflatebehandlinga som krevst.
Stillinga inngår i skiftrotasjon. Det er ein fordel om du har truck- og kransertifikat. Vi ser etter deg som er ryddig, detaljorientert og har lyst til å lære, og som bidrar til eit trygt og effektivt arbeid.
Saferoad Vik Ørsta skapar trygge samfunn med lokalproduserte sikkerheitsløysingar, og treng fleire hender for å få ut rett vare til rett kunde til rett tid.
Er du ryddig, detaljorientert og ikkje redd for å ta i eitt tak når det trengst? Då kan dette vere rette stillinga for deg!
Som operatør i galva vår vil du jobbe som ein del av eit team og sørge for at produkta våre får den overflatebehandlinga som krevst.
Stillinga inngår i skiftrotasjon.
Det er ein fordel om du har truck- og kransertifikat.
Spørsmål om denne spennande stillinga? Kontakt oss:
Arbeidsleiar Frank Skare, tlf. 971 29 166
Saferoad Vik Ørsta er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring og
Marina. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre med ca. 250 tilsette.
Les meir om Vik Ørsta på www.vikorsta.no.
Saferoad Vik Ørsta er det største enkeltselskapet i Saferoad-konsernet. Saferoad er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar for å auke sikkerheita til trafikantane. Konsernet har 2500 medarbeidarar i 13 land.
Les meir om Saferoad på www.saferoad.com.