Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Saferoad Vik Ørsta søker ein operatør til vårt galva-produksjonsteam. Du kjem til å arbeide tett med kollegaer for å sikre riktig overflatebehandling og produkta i tråd med krav og rutinar, inkludert skiftrotasjon. Ein fordel er truck- og kransertifikat, og vi ser etter personar som bidreg positivt i eit velfungerande team.
Stillinga inngår i skiftrotasjon og tilbyr lokal tilknyting på Vestlandet. Ønskjer du å bidra til trygg infrastruktur og norsk industri, er dette ei god mulighet hos Saferoad
Saferoad Vik Ørsta skapar trygge samfunn med lokalproduserte sikkerheitsløysingar, og treng flere hender for å få ut rett vare til rett kunde til rett tid.
Er du ryddig, detaljorientert og ikkje redd for å ta i eitt tak når det trengst? Då kan dette vere rette stillinga for deg!
Som operatør i galva vår vil du jobbe som ein del av eit team og sørge for at produkta våre får den overflatebehandlinga som krevst.
Stillinga inngår i skiftrotasjon.
Vi ser etter deg som:Det er ein fordel om du har truck- og kransertifikat.
Spørsmål om denne spennande stillinga? Kontakt oss:Arbeidsleiar Frank Skare, tlf. 971 29 166
Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.
I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda.
Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?
- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er.
Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Saferoad Vik Ørsta!
Snart 80 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 80 år til. Minst!
Video: Nanseth Media Video: https://youtu.be/TbWMxh1wli4?si=sjCZSNQhfxZTVaea
Saferoad Vik Ørsta er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring og Marina.Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre med ca. 250 tilsette.
Saferoad Vik Ørsta er det største enkeltselskapet i Saferoad Group. SaferoadGroup er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar for å auke sikkerheita til trafikantane. Konsernet har2500 medarbeidarar i 13 land.