Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Nav Bergen sentrum søkjer engasjerte tilsette til sakshandsaming på fagområdet arbeidsavklaringspengar. Du blir ein del av ei avdeling med 15 tilsette, der kvalitet og faglege vurderingar står sentralt.
Arbeidsstaden er i Bergen og stillinga krev gode norskferdigheiter, samt evne til å handtere eit hektisk og variert arbeidskvardag. Fleksitidsordning blir tilbytt med hybrid arbeidskvardag.
Nav Bergen sentrum // Avdeling arbeidsavklaringspengar (AAP)
Nav Bergen Sentrum søkjer engasjerte tilsette til sakshandsaming på fagområdet arbeidsavklaringspengar. Du blir ein del av ei avdeling med 15 tilsette, der kvalitet, faglege vurderingar og effektiv sakshandsaming står sentralt. Avdelinga har ansvar for sakshandssaming av søknader om arbeidsavklaringspengar frå heile Bergen.
Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Vi held til i moderne kontorlokale med utsikt over Store Lungegaardsvatnet, nært bybanen, og har over 300 engasjerte tilsette. Hjå oss møter du kollegaer med ulik bakgrunn og kompetanse, sterke fagmiljø og eit arbeidsfellesskap som er oppteke av læring, samarbeid og utvikling. Saman jobbar vi for å løyse eit viktig samfunnsoppdrag og gjere ein forskjell for menneske og samfunn.
Nav er i stadig utvikling, så variasjon og endringar i arbeidsoppgåvene må påreknast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Siv Jorunn Krakk Aga,Avdelingsleiar,934 01 494
Møllendalsveien 8
5009Bergen
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5174050174
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 01.10.2026
Nav består av 22 000kompetenteogengasjertemedarbeidarar.Vi jobbartverrfaglegi sterke fagmiljø.Hos oss skalarbeidsmiljøet pregastavinvolvering,openheitogtillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste.Ønskjer duåbli unntatt fraoffentleg søkjarliste, må dugrunngjedette.Delgjerne vitnemålet dittellerkarakterutskrift dine påvitnemålsportalen.no.