Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Nav Askøy søker fagkoordinator i Avdeling Arbeidsliv. Du vil bidra til oppfølging av sjukefråvær, arbeidsrettet arbeid og oppfølging etter sosialtjenesteloven, og du inngår i faglege team.
Du har utdanning på bachelor-nivå, god erfaring med oppfølging av menneske i ulike livsfasar, og du vil arbeide i eit inkluderande miljø med fokus på kompetanseutvikling. Kontoret ligg i Kleppestø.
Tilsette er 70, kontor på Kleppestø Senter; stillingsprosent 100%, startdato 01.10.2026, søknadsfrist 15.09.2026.
Ønsker du å gjere ein forskjell i menneske sine liv og fremme overgang til arbeid og aktiv deltaking i samfunnet? Bygger du gode relasjonar og er god til å koordinere, samarbeide og motivere for å finne gode løysingar? Har du interesse for utvikling og offentleg forvaltning og ser dei viktige detaljane? Då kan det vere deg vi treng på Nav Askøy!
Nav Askøy har ledig fast stilling som fagkoordinator i avdeling Arbeidsliv.I avdelinga arbeider vi med sjukefråværsoppfølging, arbeidsretta oppfølging og oppfølging etter sosialtjenesteloven, hovudsakleg til personer over 30 år. Vi har også overordna ansvar for gruppetiltaka i kontoret og back-office. Som fagkoordinator vil du inngå i, og ha fagleg ansvar for fagteama for oppfølging av sjukefråvær og arbeidsretting. Du vil også bistå heile kontoret i faglege spørsmål og avklaringar. 50% av stillinga vil innebere oppfølging av brukarar.
På Nav Askøy har vi eit svært godt arbeidsmiljø, med dedikerte og inkluderande tilsette. Vi er opptekne av kompetanseutvikling, og har frivillige sosiale grupper som løper, badar og trener yoga.
Vårt kontor har70 tilsette fordelt på 4 avdelingar. Vi held til i nye, aktivisertbaserte lokale på Kleppestø Senter, 12 minutt med båt fra Bergen sentrum. Med bil eller buss køyrer du køfritt fra Bergen til Askøy.
Nav Askøy er regionkontor i Region vest og vi samarbeider tett med Nav Øygarden i regionen.
Nav er i kontinuerlig utvikling og endring i arbeidsoppgåver og ansvar må påreknast.
Du må ha
Det ein fordel om du har
Har du utdanning frå utlandet, ber vi om autorisert omsetting og godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no/).
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Monica Sandstå Hansen,Avdelingsleiar Avdeling Arbeidsliv,986 05 892,monica.sandsta.hansen@nav.no
Gamle Kleppestøvegen 2
5300Kleppestø
Arbeidsgivar: Nav
Referansenr.: 5173089562
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 15.09.2026