Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Stad kommune i Nordfjordeid søker ein miljøterapeut ved LA-senteret i ei vikariatstilling på 100% frå 01.01.2027 til 30.09.2027, med mogleg forlenga. Senteret ligg i LA-bygget og samarbeider med Opplæring og integrering og Movia.
Arbeidsstaden er LA-senteret som skal skape aktivitet, tryggleik og meistring gjennom støttande tiltak og kreative aktivitetar for brukarane. Du må vere i stand til å motivere og tilsette samarbeidspartnarar for eit inkluderande dagtilbod.
Stad kommune har ledig vikariatsom miljøterapeut ved Lærings- og aktivitetssenteret (LA-senteret) på Nordfjordeid. 100 % stilling frå 01.01.2027 til 30.09.2027. Vikariatet kan bli forlenga.
Målet til kommunen er å samordne aktivitetstilbod med låg terskel for deltaking for fleire brukargrupper i alderen 18-67 år som erutanfor det ordinære arbeidslivet. LA-senteret høyrer til i LA-bygget på Langeland, Nordfjordeid. Senteret deler lokale med eininga Opplæring og integrering i Stad kommune,og med attføringsverksemda Movia. LA-senteret er organisert under eininga Bu- og miljøtenesta i Stad kommune.
Vi søkjer etter ein person som saman med leiar og andre kollegaer kan vidareføre og utvikle LA-senteret som ein arena for aktivitet oglæring for brukarar med ulik kompetanse, interesser, ønske og behov forbistand og rettleiing. Senteret skal fremje trivsel, sosialt fellesskap,tryggleik, respekt og meistring og samarbeide tett om desse målsetjingane med tenestemottakarane, pårørande, frivillige, næringslivet og andre kommunaletenestetilbod.
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter §25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar opmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unntak må grunngjevast.
For nærare opplysningar, kontakt fagleiar Jannike Sundal tlf. 97 57 25 41
Jannike Sundal,Fagleiar LA-senteret,95127314, jannike.sundal@stad.kommune.no
Langelandsåsen 21
6770Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5210963099
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 06.12.2026