Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Volda kommune søker miljøterapeut i 50% vikariat ved Rustenesta med oppstart 01.01.27 og sluttdato 31.12.27. Arbeidet er på dagtid med fleksitid, og kontoret ligger ved Omsorgssenteret i Volda.
Søkeren må ha relevant bachelorgrad (fortrinnsvis sjukepleie, vernepleie, sosionom eller barnevernspedagog). Førarkort klasse B er krav, og det legges vekt på dokumentasjonsevne og god skriftlig og muntlig kommunikasjon.
Vi har ledig eit vikariat som miljøterapeut i Rustenesta, i 50% stilling frå 01.01.27 - 31.12.27
Arbeidet er på dagtid, med flexitid. Rus og psykisk helseteneste er ein del av sektor helse og omsorg og har kontor ved Omsorgssenteret i Volda. Tenesta er tverrfagleg samansett og har særleg kompetanse innan psykisk helse, rus, avhengigheit og samtidige lidingar. Vi har til saman 30 årsverk fordelt på 4 tenesteområde. Vi tilbyr individuell oppfølging i psykisk helseteneste og rustenesta, arbeid og aktivitetstilbod ved lågterskeltilboda Styrk-arbeid og Møteplassen Gnisten, samt døgnteneste til heimebuande og Myra bufellesskap
Tenesta har ein fagleg profil vi jobbar ut i frå, der det er stor grad av autonomi og fleksibilitet innenfor dei faglege rammene.
Du er en person som har interesse for psykisk helsearbeid og rusarbeid. Vi arbeider med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan halde ut over tid når det er vanskeleg.
Vi tilbyrein spennande jobb der du får vere med på å utvikle tenestene. Vi har eit godt arbeidsmiljø med mykje humor. Du vil oppleve varierte arbeidsoppgåver og utfordringar som gir deg moglegheit for personleg utvikling. Dukan få tilbod om kompetansehevande kurs og veiledning.
Barstadmarka 2
6100Volda