Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Volda kommune i Norge søker ein fagkoordinator til lågterskeltilbodet ved Prestegarden i Volda. Stillinga er 100% og plasserer seg ved Styrk Arbeid og Møteplassen Gnisten som ligg samlokalisert i Prestegarden.
Du blir ansvarleg for å koordinere det daglege arbeidet, sikre fagleg innhald og bidra til utvikling av tenestene innan rus- og psykisk helse. Du må ha bachelor i helse- og sosialfag, samt erfaring frå endringsarbeid og tverrfagleg samarbeid.
Stillingstittel Fagkoordinator lågterskeltilboda i Prestegarden
Rus- og psykisk helseteneste i Volda kommune har ledig ei spennande og nyskapande stilling som fagkoordinator ved lågterskeltilbodet vårt.
Som fagkoordinator skal du bidra til kvalitet, struktur og kontinuitet i den daglege drifta. Stillinga inneber ansvar for å koordinere det daglege arbeidet og medverke til at tenestene har eit fagleg innhald i tråd med mål, planar og føringar for rus- og psykisk helseteneste. Dette er ei variert og meiningsfull stilling med høve til å påverke utviklinga av tilbodet.
I den gamle Prestegarden i Volda sentrum finn du Styrk Arbeid og Møteplassen Gnisten, som er samlokaliserte under lågterskeltilbodet. Tilboda er retta mot personar som har, eller har hatt, utfordringar knytte til rus og psykisk helse.
Her møtest deltakarane i ein trygg og inkluderande atmosfære der aktivitet, fellesskap og arbeidstrening står sentralt. Ved Gnisten tilbyr vi mellom anna turar, yoga, symjing, matlaging og kreative aktivitetar som keramikk, glaskunst, måling, handarbeid og småsløyd. Gjennom Styrk Arbeid får deltakarane høve til å utføre ulike arbeidsoppdrag for kommunen og private aktørar.
Vi legg til rette for trivsel, tryggleik, meistring og personleg vekst, og er opptekne av å skape meiningsfulle kvardagar og styrkje deltaking i arbeids- og samfunnsliv.
Lågterskeltilbodet er ein del av rus- og psykisk helseteneste i Volda kommune og har 5,5 årsverk. Tenesta omfattar totalt om lag 30 årsverk fordelt på fire fagområde, og tilbyr individuell oppfølging, ambulante tenester, døgntenester til heimebuande og lågterskeltilbod.
Malene Rovde,Avdelingsleiar,99011980, malene.rovde@volda.kommune.no
Prestegata 2
6100Volda
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5207849660
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2026