Schick keinen Standard-Lebenslauf — erstelle einen Lebenslauf und ein Anschreiben, die genau auf diese Rolle zugeschnitten sind.
Vestland fylkeskommune søker miljørettleiar/miljøarbeidar ved Stord vgs i Leirvik for 81% stilling. Arbeidet er knytt til tilrettelagt opplæring og krevjer tett samarbeid med lærarar, helsefagleg personale og leiing.
Stillinga følgjer skuleruta og har 5 dagar i veka når elevane er på skulen. Vi søker engasjerte og trygge fagpersonar som kan støtt til utvikling, meistring og tryggleik blant elevar med samansette behov, mellom anna utviklingshemming og autismespektra.
Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyder ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.
Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN
Stord vgs har ledig inntil 3 faste stillingar som miljørettleiar/miljøarbeidar i 81 % stilling, for tida knytt til tilrettelagt opplæring. Stillingane følgjer skuleruta og er av den grunn 81% med arbeidstid 5 dagar for veka når elevane er på skulen.
Me søkjer engasjerte og fagleg trygge miljørettleiarar/miljøarbeidarar til ei spesialpedagogisk avdeling for elevar med samansette og omfattande behov, mellom anna utviklingshemming, autismespekterforstyrringar og store kommunikasjons- og reguleringsutfordringar.
Avdelinga er i utvikling og utviding, og me ønskjer medarbeidarar som forstår at kvaliteten i den vaksne sin praksis er avgjerande for elevane si meistring, tryggleik og utvikling.
Arbeidet inneber tett samspel mellom opplæring, omsorg og helsefaglege oppgåver.
Me er tydelege på at dette er eit opplæringsmiljø, der miljørettleiar/miljøarbeidar spelar ei heilt sentral rolle i gjennomføringa av det pedagogiske arbeidet.
Som miljørettleiar/miljøarbeidar hos oss vil du mellom anna:
Me søkjer deg som:
har fagbrev innen barne- og ungdomsarbeid eller helsefagarbeid, men relevant erfaring og annen kompetanse vil også bli vurdert
Me legg avgjerande vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:
Tore Roth Blokhus,Avdelingsleiar,92231854,tore.roth.blokhus@vlfk.no
Vikastemmo 35
5411Stord
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5189624916
Stillingsprosent: 81%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 21.10.2026