Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule som tilbyr fleire utdanningsprogram og opplæring for vaksne. Me søker miljørettleiar/miljøarbeidar til ei spesialpedagogisk avdeling for elevar med samansette og omfattande behov.
Stillinga er 81% med tilsetting frå skuleruta og krev ein roleg og trygg framferd i møte med utfordrande situasjonar. Arbeidet inneber tett samspel mellom opplæring, omsorg og helsefaglege oppgåver, og miljørettleiar har ei sentral rolle i gjennomføringa av det
Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.
Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN
Stord vgs har ledig inntil 3 faste stillingar som miljørettleiar/miljøarbeidar i 81 % stilling, for tida knytt til tilrettelagt opplæring. Stillingane følgjer skuleruta og er av den grunn 81% med arbeidstid 5 dagar for veka når elevane er på skulen.
Menn vert oppmoda om å søke
Me søkjer engasjerte og fagleg trygge miljørettleiarar/miljøarbeidarar til ei spesialpedagogisk avdeling for elevar med samansette og omfattande behov, mellom anna utviklingshemming, autismespekterforstyrringar og store kommunikasjons- og reguleringsutfordringar.
Avdelinga er i utvikling og utviding, og me ønskjer medarbeidarar som forstår at kvaliteten i den vaksne sin praksis er avgjerande for elevane si meistring, tryggleik og utvikling.
Arbeidet inneber tett samspel mellom opplæring, omsorg og helsefaglege oppgåver.
Me er tydelege på at dette er eit opplæringsmiljø, der miljørettleiar/miljøarbeidar spelar ei heilt sentral rolle i gjennomføringa av det pedagogiske arbeidet.
Som miljørettleiar/miljøarbeidar hos oss vil du mellom anna:
Me søkjer deg som:
- har erfaring med elevar med kommunikasjonsutfordringar
- har interesse for – og gjerne erfaring frå – arbeid med elevar med store og samansette behov
- forstår at eleven si meistring ofte er situasjons- og relasjonsavhengig
- er roleg, tydeleg og trygg i møte med krevjande situasjonar
- evnar å halde fokus over tid og arbeide systematisk
- trivst i lagarbeid og tek rettleiing på ein profesjonell måte
- er lærevillig og open for fagleg utvikling
Me legg avgjerande vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:
Me søkjer engasjerte og fagleg trygge miljørettleiarar/miljøarbeidarar til ei spesialpedagogisk avdeling for elevar med samansette og omfattande behov, mellom anna utviklingshemming, autismespekterforstyrringar og store kommunikasjons- og reguleringsutfordringar.
Avdelinga er i utvikling og utviding, og me ønskjer medarbeidarar som forstår at kvaliteten i den vaksne sin praksis er avgjerande for elevane si meistring, tryggleik og utvikling.
Arbeidet inneber tett samspel mellom opplæring, omsorg og helsefaglege oppgåver.
Me er tydelege på at dette er eit opplæringsmiljø, der miljørettleiar/miljøarbeidar spelar ei heilt sentral rolle i gjennomføringa av det pedagogiske arbeidet.
Som miljørettleiar/miljøarbeidar hos oss vil du mellom anna:
Me søkjer deg som:
har fagbrev innan barne- og ungdomsarbeid eller helsefagarbeid, men relevant erfaring og annan kompetanse vil også bli vurdert
- har erfaring med elevar med kommunikasjonsutfordringar
- han interesse for – og gjerne erfaring frå – arbeid med elevar med store og samansette behov
- forstår at eleven si meistring ofte er situasjons- og relasjonsavhengig
- er roleg, tydeleg og trygg i møte med krevjande situasjonar
- evnar å halde fokus over tid og arbeide systematisk
- trivst i lagarbeid og tek rettleiing på ein profesjonell måte
- er lærevillig og open for fagleg utvikling
Tore Roth Blokhus,Avdelingsleiar,92231854, tore.roth.blokhus@vlfk.no
Vikastemmo 35
5411Stord
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5189624916
Stillingsprosent: 81%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 21.10.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket.Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.