Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Bergen HF søker medisinstudent med lisens til engasjement ved BUP Åsane og BUP Øyane. Arbeidsoppgåver inkluderer legeundersøkingar, medisinoppstart og kontrollar, samtalar med pasient og føresette.
Tilsette må levere politiattest, inneha Norsk autorisasjon og vere i stand til å arbeide i eit tverrfagleg team. Offentlege lønns- og forsikringsordningar, og rettleiing av overlege blir gitt. Startdato 05.10.2026, 20% stilling, søknadsfrist 18.10.2026.
Ved Klinikk psykisk helsevern for barn og unge - BUP Åsane og ved BUP Øyane er det ledig engasjement som medisinstudent m/lisens.
BUP Åsane / BUP Øyane er ein del av Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU); ein klinikk som tilbyr utgreiing og behandling av barn og unge opp til 18 år, både poliklinisk og ved innlegging i sengepostar. Klinikken har mellom anna sju allmenne poliklinikkar, ein spesialisert poliklinikk, tre sengepostar, og ambulante tenester. Nokre tilbod er organisert i tyngdepunkt, som gir tilbod på tvers av poliklinikkane.
BUP Åsane held til sentralt i Åsane, BUP Øyane held til på Sotra v / Sartor senter, begge gir tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira.
Vi har stort fokus på korleis vi samhandlar internt og eksternt for å gi best mogleg tenester til våre pasientar.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5170261120
Stillingsprosent: 20%
Engasjement
Startdato: 05.10.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 18.10.2026