A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjord1 AS i Bergen søkjer ein matros til hurtigbåt som trafikkerer Nordhordalandsruta frå Knarvik til Strandkaien i Bergen Sentrum. Du blir ein sentral del av den daglege drifta om bord, med arbeidsoppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald.
Skiftordninga er 2 veker på og 2 veker av, ein fleksibel turnus som gir god balanse mellom familien og fritida. Du kan reise heim etter endt vakt, men hybel i arbeidsperioden er tilgjengeleg dersom ønskjeleg.
Vi søker no ein matros som ønsker å bli ein del av mannskapet på hurtigbåtane som trafikkerer Nordhordalandsruta frå Knarvik, til Strandkaien i Bergen Sentrum.
Skiftordninga er 2 uker på og 2 uker av, man - fre.Ein fleksibel turnus som gir deg god balanse mellom familieliv og fritid.Du kan reise heim etter endt vakt, men vi tilbyr også hybel i arbeidsperioden for dei som ønsker dette.
Som matros blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald.
Hos Fjord1 får du ein trygg og stabil arbeidsplass med ansvar, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer.
Ønskeleg med oppstart snarast. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Søknadsfrist:
Matros til hurtigbåt i Bergen - Nordhordalandsruta frå Knarvik, til Strandkaien i Bergen Sentrum.
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.