Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Fjord1 – Maritim Drift søker matros til sambandet Stårheim-Isane, p.t. MF Selje. Arbeidet følger døgnskift med 2 veker på, og 1 veke av/2 veker på, og 3 veker av. Start august 2026. Søkar må bu lokalt og trives i eit tett kollegialt miljø.
Arbeidsoppgåver: billettering, bruvakt og forefallande arbeid ombord; alterneringsplikt mellom dekk og maskin; alarminsstruks og verne- og miljøoppgåver; kundehandsaming.
Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Stårheim-Isane, p.t. MF Selje.
Skiftordning: Døgnskift - 2 veker på, og 1 veke av/2 veker på, og 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
Nyare ferje på EL-drift på sambandet frå 2027.
Hos oss får du jobbe med kjekke og dyktige kollegaer i ei bedrift med gode karrieremoglegheiter.
Oppstart august 2026.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Søkar må bu lokalt.
Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, jonas.hovland@fjord1.no
6777Stad
Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5142586621
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.10.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.