Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Fjord1 AS i Måløy søkjer ambulerande overstyrmann med ansvar for både rutegåande og reservefartøy. Du blir ein nøkkelperson i dekksavdelinga, med ansvar for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team.
Du vel skiftordning 14/14 eller 21/21, 71 timar i vaktplanen og overtidsarbeid etter 71 timar. Vi tilbyr konkurransedyktig lønn, gode velferdsordningar og dekking av reise for ambulerande tilsette.
Ambulerende overstyrmann
I denne rolla vil du vere utsjekka på både rutegåande og- reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband i Nordfjord, Sunnfjord og Ytre Sogn. Når du ikkje er på rutegåande fartøy bidrar du til forefallande arbeid på reservefartøya Sognefjord, Gulen og Bjørnsund. Du får dermed ein unik moglegheit til å byggje brei kompetanse på ei rekke ulike fartøy og samband. Dersom du har interesse for manøvrering og navigasjon anbefalar vi deg å søke.
Du kan sjølv velje om du ønsker å gå 14/14 eller 21/21 skiftordning. Det er 71 timer per veke i skiftplanen, og det du arbeider over 71t vert overtid.
Fjord tilbyr attraktive velferdsordningar, konkurransedyktige vilkår og pensjonsordningar. Det er også egne avtalar for dekking av reise for ambulerande tilsette.
Det er ein fordel om søkar bur i Nordfjord, men ikkje eit krav. Det er mogleg å bu om bord i vaktperiode.
Vi leitar etter ein dyktig overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Adresse: Øyna 39, 6700 Måløy, Norge
Jonas Hovland
Rekrutteringsrådgiver
Telefon: +47 90210232
E-post: jonas.hovland@fjord1.no
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.