Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Fjord1 AS søkjer ein matros til sommarruta mellom Jondal og Tørvikbygd og til ressursgruppa i Vestland. Stillinga har 2 veker arbeid og 4 veker fri, med fast lønn og 98‑timars veke. Du må disponere bil og bu innan reiseavstand. Reiseutgifter dekka når du er i ressursgruppa.
Stillinga gir varierte oppgåver på ulike samband og fartøy, brei erfaring og fleksibel arbeidskvardag i regionen. Oppstart snarast er ønskjeleg.
Søk på stillinga (i ny fane)
Fjord1 søker matros til sommerrute og ressursgruppe i region Vestland. Denne stillinga er todelt og gir deg ein variert arbeidskvardag i Fjord1. Frå om lag mai til og med september vil du vere fast disponert i sommarruta på sambandet Jondal – Tørvikbygd. Resten av året blir du ein del av vår ressursgruppe i Vestland, der du bidreg til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband og fartøy ved behov.
Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 4 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og 98-timars arbeidsavtale.
Som ein del av ressursgruppa vil du tenestegjere på ulike samband i region Vestland. Det er derfor ein føresetnad at du disponerer eigen bil og bur innan rimeleg reiseavstand. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad. Dekking av reiseutgifter gjeld berre for perioden ein inngår i ressursgruppa.
Dette er ei spennande og variert stilling som gir deg høve til å bli kjent med fleire fartøy, samband og kollegaer på tvers av regionen. Du får brei erfaring, fagleg utvikling og ein fleksibel arbeidskvardag.
Søknadsfrist 03.09.2026
Arbeidsgivar Fjord1 AS
Stillingstittel Matros i ressursgruppe Vestland / Sommerruta
Stillingar 1
Heiltid / Deltid Heiltid
Tilsetjingsform Fast
Stillingsprosent 100
Webcruiter-ID 5167306701
Sosial Deling
Del på X
Del på LinkedIn
Del på Facebook
Del på e-post
Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Adresse: Jondal ferjekai, Kvalvågnesvegen 681, 5956 Hundvin, Norge
Strandkaiterminalen
Strandkaien 15
5013 Bergen
Norge
Rekrutteringsmedarbeider
Telefon: 47887896
E-post: benedicte.ellingsen@fjord1.no
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.