Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Fjord1 AS søkjer matros til kystnære operasjonar og arbeid om bord i varierande skift. Du blir ein del av eit dyktig team som handterer lasting og lossing og bidreg til trygg og effektiv drift langs kysten.
Arbeidsperiodane er 1 veke arbeid og 2 veker fri, og du bur om bord i arbeidsperiodane. Vi tilbyr eit solid fagmiljø, sterkt fokus på sikkerheit og gode velferdsordningar, inkludert bustad og fritidsfasilitetar.
Arbeidsordninga er 1 veke på arbeid og 2 veker fri, og du bur om bord i arbeidsperiodane.
Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.
Søknadsfrist:
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påvirke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.