Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Fjord1 AS søkjer ein erfaren maskinsjef til ressursgruppa. Du vil tena tenestegjere på ulike samband i region Vestland og bidra til kontinuitet og stabil drift på tvers av fartøy.
Må disponere eigen bil og bu within rimeleg reiseavstand, med fast avløysingsavtale og dekning av reiseutgifter over 15 km. Du får ei unik moglegheit til å vere med på varierte driftsutfordringar og utvikle kompetansen i eit fagleg spennande miljø.
Vi søker no etter ein maskinsjef til ressursgruppa.
I denne stillinga vil du tenestegjere på ulike samband i region Vestland. Du blir ein viktig ressurs som bidreg til kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire fartøy og samband ved behov. Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri, noko som gir ein god balanse mellom jobb og fritid.
Som maskinsjef vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag med ulike fartøy, ruter og driftsutfordringar. Dette krev at du er fagleg trygg, sjølvstendig og tilpassingsdyktig.Du trivst med nye utfordringar, handterer endringar på ein god måte og evnar å ta raske og gode avgjerder når situasjonen krev det.
For å kunne utføre stillinga er det nødvendig at du disponerer eigen bil og bur innan rimeleg reiseavstand til aktuelle sambanda i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale, og arbeidsgivar dekkjer reisekostnader utover 15 km mellom bustad og arbeidsstad.
Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer brei erfaring frå ulike fartøy og samband. Du får arbeide saman med dyktige kollegaer på tvers av regionen, samtidig som du utviklar kompetansen din i eit variert og fagleg spennande miljø.
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande, og tilsetting skjer fortløpande.
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring, teknisk vedlikehald og dokumentasjon, forbrukskontroll, reinhald og brannførebygging, og blir utført i tråd med gjeldande stillingsinstruks.
Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som eransvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner,høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardagder endringar kan oppstå.
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi flere som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.