Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Fjord1 - Maritim Drift i Bergen søker erfaren maskinsjef i ressursgruppa. Du vil ha ansvar for skipets tekniske utstyr og system, og delta i vedlikehold etter AMOS og ISM-koden. Rollen innebærer å sikre trygg og energieffektiv drift across ulike fartøy og samband.
Vi tilbyr fast ansettelse i et solid selskap, med 2 vekers arbeid og 2 vekers fri turnus, og krav om eigen bil for reiser mellom arbeidsstad og bustad. Ansvarlig stilling i region Vestland og eit variert miljø.
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande, og tilsetting skjer fortløpande.
Maskinsjef i 2:2 turnus Fjord1 - Maritim Drift
I denne stillinga vil du tenestegje på ulike samband i region Vestland. Du blir ein viktig ressurs som bidreg til kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire fartøy og samband ved behov. Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri, noko som gir ein god balanse mellom jobb og fritid.
I stillinga må du disponere eigen bil då arbeidet omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet. Fjord1 dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad, etter dei retningslinjene som er fastset. Du bør og vere busett i regionen eller sjølv kunne sørgje for ein stad å bu, då rederiet ikkje tilbyr bustad.
Som maskinsjef vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag med ulike fartøy, ruter og driftsutfordringar. Dette krev at du er fagleg trygg, sjølvstendig og tilpassingsdyktig. Du trivst med nye utfordringar, handterer endringar på ein god måte og evnar å ta raske og gode avgjerder når situasjonen krev det.
Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer brei erfaring frå ulike fartøy og samband. Du får arbeide saman med dyktige kollegaer på tvers av regionen, samtidig som du utviklar kompetansen din i eit variert og fagleg spennande miljø.
29.10.2026
Fjord1 - Maritim Drift
Bergen
Maskinsjef i ressursgruppa
1
Heiltid
Fast
100
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.
Adresse: Strandkaien, 5013 Bergen, Norge
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.