A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjord1 ASA søker maskinsjef om bord på MF Årdal i samband Hatvik-Venjaneset. Du vil ha hovudansvar for drift og teknisk stabilitet om bord, inkludert vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem for å sikre trygg og effektiv framdrift.
Skiftordninga er 1 døgn på og 1 døgn av i tre veker, etterfulgt av tre veker fri, og sambandet er ca 35 minutter frå Bergen. Det gir ei fleksibel kvardag og om lag 86 arbeidsdøgn i året.
Vi har no ei ledig stilling som maskinsjef om bord på MF Årdal i pt. sambandet Hatvik-Venjaneset.
Skiftordninga er 1 døgn på og 1 døgn av i tre veker, etterfulgt av tre veker fri. Dette gir ein fleksibel kvardag med berre 86 arbeidsdøgn i året. Ein børbu innenfor rimeleg reiseveg til Hatvik eller Venjaneset, då rederiet ikkje har bufasilitater på fridøgn. Sambandet er ca 35 minutter unna Bergen.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
MF Årdal blei bygd i 2008, og i 2020 blei ho oppgradert og bygd om til hybrid, der batteri er den primære energikjelda for framdrift. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
Vi søker ein ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerhet og effektiv drift. Du er løysningsorientert, strukturert og trivst med å leie og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø, er noko av det viktigste du veit. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.