An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Fjord1 ASA søkjer ein maskinsjef til MF Storfjord som trafikkerer sambandet Leirvåg – Sløvåg i Vestland. Det vert arbeidd døgnskift: 1 døgn om bord og 1 døgn fri i tre veker, deretter tre veker fri. Leilegheiter vil vere nødvendig innanfor rimelig reiseveg til Leirvåg/Sløvåg.
Du vil ha ei sentral rolle i å sikre drift og teknisk stabilitet, med ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem. Ferja er bygd i 2011 og ble i 2019 hybrid med batteri som hovud energikjelde.
Vi søker ein maskinsjef til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg.
På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i tre veker. Deretter har du tre veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bofasiliteter det døgnet ein har fri.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. Denne ferja vart bygd i 2011, og i 2019 ble ho bygd om til hybrid med batteri som primær energikjelde for framdrift. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
Kun 1 time å kjøre fra Bergen til Leirvåg!
Vi søker ein ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerheit og effektiv drift. Du er løysningsorientert, strukturert og trives med å lede og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø er noko av det viktigste du veit.