Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Gol kommune søkjer ein dyktig og ansvarsbevisst medarbeidar til løns- og personalavdelinga. Du vil arbeide med lønnsregistrering, oppfølging av fråvær og rettleiing av leiarar og tilsette for å sikre korrekt lønn og etterleving av regelverk.
Du blir ein del av eit fagmiljø som samarbeider med Hallingdal-regionen, og vi legg vekt på kontinuerleg forbedring, utvikling av rutinar og gode digitale løysingar som gjer lønsprosessane smidige.
Gol kommune søkjer ein dyktig og ansvarsbevisst medarbeidar til lønns- og personalavdelinga. Vi ser etter deg som har god forståing for lønnsfaget, trivst med nøyaktig arbeid og ønskjer å bidra til at lønnsprosessane våre held høg kvalitet og fungerer smidig i kvardagen.
Som lønnsmedarbeidar hos oss får du ansvar for sentrale oppgåver innan lønnsområdet, frå registrering og kontroll til oppfølging og rettleiing av leiarar og tilsette. Du vil spele ei viktig rolle i å sikre korrekt lønnsutbetaling, etterleving av lov- og avtaleverk og god støtte til organisasjonen i spørsmål knytt til lønn og personalforvaltning. Du blir ein del av eit engasjert og kompetent fagmiljø på Gol. Vi samarbeider blant annet med de andre kommunane i Hallingdal om lønn og personalfaget.
Samstundes som drift og kvalitet står i sentrum, er vi opptekne av kontinuerleg forbetring. Du vil derfor få moglegheit til å bidra i utvikling av rutinar, digitale løysingar og arbeidsprosessar som gjer tenestene våre endå betre for både leiarar og tilsette.
På avdelinga er vi to lønnskonsulentar, ein personalkonsulent og ein fagleiar som arbeider tett saman for å levere gode tenester til organisasjonen. Vi har eit svært godt arbeidsmiljø prega av høg fagkompetanse, rausheit og godt samarbeid, og vi ser fram til å ønskje ein ny kollega velkomen inn i teamet vårt!
Du vil mellom anna få ansvar for å:
Erfaring frå lønnsarbeid, Visma system og brukarstøtte vil vere ein fordel, men viktigast er at du har interesse for fagområdet og ønskje om å utvikle deg vidare. Personleg eigenheit vil bli vektlagt.