Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Augeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen søker LIS i augesjukdommar. Stillinga er eit årsvikariat start frå 10.11.2026, med moglegheit for forlenging og vidare LIS-utdanning innan området.
Tenesta involverer rotering mellom seksjonar og kombinasjon av inneliggande og polikliniske pasientar, samt undervisning av legestudentar og anna helsepersonell.
Det blir ledig eit årsvikariat for lege i spesialisering (LIS3) ved vår spennande avdeling i perioden frå 10.11.2026 og 12 måneder framover. Det er gode moglegheiter for forlenging av vikariatet.
LIS frå andre helseregionar kan òg søke stillinga som ein del av arbeidet med å oppnå naudsynte læringsmål innan spesialiteten augesjukdommar.
Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytt til Universitetet i Bergen, og forskings- og utviklingsarbeid står sentralt i verksemda vår.Avdelinga har stor breidd i tenestetilbodet sitt, og vi greier ut og behandlar alle typar augesjukdommar. Avdelinga har sengepost i Klinikk for hovud og hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining samt operasjonsavdeling. Sengeposten har seks døgnplassar. Her er det både planlagde innleggingar og øyeblikkeleg hjelp-innleggingar.
Vikariatet kan telje som ein del av spesialistutdanninga innan augesjukdommar.
Ved rekruttering og tilsetjing vil vi ha eit langsiktig perspektiv for å bygge ei fagleg sterk og robust augeavdeling for framtida
Frank Tore Jenssen,Seksjonsleiar,55974124
Haukelandsveien 22
5021BERGEN
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5176297460
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 10.11.2026
Sluttdato: 02.01.2028
Søknadsfrist: 01.11.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.