Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Laboratorieklinikken i Helse Bergen søker LIS-kandidatar for ein fordjupingsstilling i ei periode på to år. Stillingane vert fordelt 50% mellom forsking og rutinearbeid innan eitt av laboratoriefaga.
Interne og eksterne søkjarar vert oppmoda om å ta kontakt med avdelingssjef for å diskutere forskingsprosjekt og spesialiseringsløysingar i aktuell avdeling. Søknad om fordjupingsstilling må forankrast med avdelingssjef.
Laboratorieklinikken i Helse Bergen er ein av dei største leverandørane av laboratorietenester i landet.Laboratorieklinikken har over 900 tilsette og er fordelt på åtte einingar: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Avdeling for patologi, Mikrobiologisk avdeling, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Avdeling for medisinsk genetikk, Kreftgenomikk, Biobank Haukeland og Seksjon for bioinformatikk. Laboratorieklinikken har stor forskingsaktivitet og godt samarbeid med andre sjukehus og universitet.
Det lysast ut fordjupingsstillingar for LIS for ein periode på to år. Stillingane vil vere delt 50/50 mellom forsking og rutinearbeid innan eit av dei 6 laboratoriefaga (patologi, immunologi og transfusjonsmedisin, medisinsk mikrobiologi, medisinsk genetikk, klinisk farmakologi og medisinsk biokjemi).Både interne og eksterne kandidatar er velkommen til å søke stillingane. For eksterne søkarar blir kandidaten oppfordra til på førehand å ta kontakt med avdelingssjef ved aktuell avdeling der ein ønsker spesialistutdanning for å diskutere aktuelle forskingsprosjekt. For interne søkarar ber vi om at søknad om fordjupingsstilling for LIS forankrast med avdelingssjef.