A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Laboratorieklinikken i Helse Bergen HF søkjer LIS-kandidatar for ei fordjupingsstilling i to år. Stillingane vil vere delt 50% mellom forsking og rutinearbeid innan eit av dei seks laboratoriefaga.
Både interne og eksterne søkjarar blir oppmoda. Oppstart etter avtale; søknadsfrist 11.12.2026. Arbeidsstad er Haukelandsveien 22, Bergen.
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Laboratorieklinikken i Helse Bergen er ein av dei største leverandørane av laboratorietenester i landet.Laboratorieklinikken har over 900 tilsette og er fordelt på åtte einingar: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Avdeling for patologi, Mikrobiologisk avdeling, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Avdeling for medisinsk genetikk, Kreftgenomikk, Biobank Haukeland og Seksjon for bioinformatikk. Laboratorieklinikken har stor forskingsaktivitet og godt samarbeid med andre sjukehus og universitet.
Det lysast ut fordjupingsstillingar for LIS for ein periode på to år. Stillingane vil vere delt 50/50 mellom forsking og rutinearbeid innan eit av dei 6 laboratoriefaga (patologi, immunologi og transfusjonsmedisin, medisinsk mikrobiologi, medisinsk genetikk, klinisk farmakologi og medisinsk biokjemi).Både interne og eksterne kandidatar er velkommen til å søke stillingane. For eksterne søkarar blir kandidaten oppfordra til på førehand å ta kontakt med avdelingssjef ved aktuell avdeling der ein ønsker spesialistutdanning for å diskutere aktuelle forskingsprosjekt. For interne søkarar ber vi om at søknad om fordjupingsstilling for LIS forankrast med avdelingssjef.
Linda Sleire,Ass. klinikkleiar,99246588
Haukelandsveien 22
5021Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5207700244
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2026
Laboratorieklinikken/ MGM seksjon for klinisk genetikk, Helse Bergen HF