Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Voss DPS NKS Bjørkeli utlyser 100 % fast stilling som lege. Stillinga passar for LIS3 i psykiatri eller lege med norsk autorisasjon som ventar på LIS1/ALIS eller er overlege. Du blir ein del av eit tverrfagleg team i eit inkluderande miljø som legg vekt på læring, samarbeid og kvalitet.
Arbeidsdagen er strukturert, med stødig veiledning og fagleg utvikling. Voss ligg ved smørauget av Vestlandet med god togforbindelse til Bergen og Oslo, og høve til pendling gjer kvardagen lettare.
Ved Voss DPS NKS Bjørkeli har me no ledig ei 100 % fast stilling for lege.
Stillinga passar godt både for deg som er i spesialisering (LIS3) i psykiatri, og for deg som har norsk autorisasjon som lege og ventar på LIS1-teneste, eller er i ALIS-løp, eller er overlege.
Hjå oss får du arbeide i eit inkluderande og sterkt fagmiljø der læring, samarbeid og kvalitet står i sentrum.
Samtidig får du kvardagen på Voss med korte avstandar, storslått natur rett utanfor døra og godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Kva ventar deg hjå oss?
Som lege ved Voss DPS får du god tid til pasientretta arbeid.
Er du i LIS3-løp, inngår du i eit strukturert utdanningsløp med rettleiing, undervisning, fordjupingstid og kurs i tråd med læringsmåla for spesialiteten.
Slik får du dekka alle kompetansemål på ein trygg og forutsigbar måte.
Arbeidstida er kl. 08.00–15.30, og du inngår i ei åttedelt heimevaktordning med bakvakt (overlege) tilgjengeleg for konferering.
Du blir ein del av eit tett, tverrfagleg team med dyktige fagpersonar.
Me har faste behandlarmøte med god tid til å drøfte saker, eigne vekentlege legemøte og jamleg felles kompetanseheving.
Over ein utsøkt lunsj laga av dei dyktige kokkane våre, gjerne ute i sola når vêret tillèt det, går praten like lett om faglitteratur som om helgas fjellturar.
Vil du halde deg i form, kan du òg bli med på fellestrening i gymsalen vår, delvis i arbeidstida.
Voss ligg midt i smørauget for naturopplevingar på Vestlandet, og byr i tillegg på eit rikt kulturliv med festivalar og arrangement året rundt.
Med hyppige togavgangar til både Bergen og Oslo er det enkelt både å bu her og å pendle.
Ved pendling er det mogleg å få delar av reisetida rekna inn i arbeidstida.
Sidan du i stor grad styrer din eigen arbeidskvardag, er det viktig at du er strukturert, god til å planleggje og toler å stå i krevjande situasjonar.
Du trivst med tverrfagleg samarbeid og bidreg positivt inn i eit sosialt og engasjert kollegium.
Vurdering, utgreiing og behandling av pasientar med eit vidt spekter av psykiske lidingar
Journalføring i tråd med gjeldande retningslinjer og krav
Rettleiing av fyrstelinja
Bidra aktivt til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Relevant klinisk erfaring er ein fordel
Personlege eigenskapar blir lagt stor vekt på.
Eit sterkt og engasjert fagmiljø med godt tverrfagleg samarbeid
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Moglegheit for å få delar av reisetid rekna som arbeidstid ved pendling
Høyrest dette ut som noko for deg?
Enten du allereie er godt i gang med spesialiseringa, eller er nyutdanna og nysgjerrig på psykiatrifaget, håpar me å høyre frå deg!
Har du spørsmål om stillinga, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat.
Søknadsfrist: snarast.
Me utarbeider ikkje offentleg søkjarliste.
Voss DPS NKS Bjørkeli tilbyr eit inkluderande og sterkt fagmiljø med fokus på læring, samarbeid og kvalitet. Dei ligg på Voss, midt i smørauget for naturopplevingar på Vestlandet, med gode togforbindelsar til Bergen og Oslo. Arbeidsmiljøet er prega av opne dører, låge skuldrer og god takhøgd, med eit tett, tverrfagleg team og faste behandlarmøte. Dei har moderne lokale, subsidiert kantine med eigen kokk, og tilbyr tilgang til felles treningstilbod.