Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Allmennpoliklinikken ved Stord DPS/BUP under Helse Fonna HF søkjer ein engasjert fagperson til fast stilling i eit inkluderande, tverrfagleg miljø. Vi legg vekt på systematiske tilnærmingar, pasientkvalitet og kontinuerleg utvikling av behandlingstilbodet.
Du vil inngå i eit stabilt fagmiljø med rettleiing og vidareutvikling, og søkjarar med DPS-erfaring blir spesielt verdsett. Vi framhevar likestilling og mangfald, og oppmodar søkjarar frå ulike bakgrunnar til å søke.
Allmennpoliklinikk for vaksne ved Stord DPS/ BUP er delt opp i to behandlingsteam, med faste teammøte med fokus på gode kliniske drøftingar og vurderingar. Vi er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for vårt dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes.
Allmennpoliklinikken er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell, inkludert lege- og psykologspesialistar.
Stord DPS har over tid hatt eit sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet. Som ein del av dette har vi implementert ei rekkje spesialiserte gruppetilbud, mellom anna 4-dagars angstbehandling/OCD-team (klinikkovergripande). Hos oss søkjer vi heile tida å arbeida systematisk og langsiktig med pasientkvaliteten.
Vi har etablert lokalt kvalitetsregister som eit ledd i kvalitetsforbetring og å leggja til rette for klinikknær forsking.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.