Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Kysthospitalet i Hagevik (KiH) tilhøyrer Helse Bergen HF og tilbyr eit vikariat som lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi (LIS 2/3). Stillinga startar snarast og varer 6 månader med moglegheit for forlenging. Gjeld som del av spesialistutdanninga og rotasjon til Haukeland universitetssjukehus.
Institusjonen har ei 6-døgns vaktordning, 22 senger og 4 operasjonsstover, og krev norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste.
Stillingstittel Lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi - vikariat
Ved Kysthospitalet i Hagevik er detledig eit vikariat for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi (LIS2/3), med tilsetting frå snarast. Varigheit av vikariatet er 6 månadar med moglegheit for forlenging.Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.
Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk inkluderer Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet i Hagevik. Kysthospitalet er eit spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Dei store pasientgruppene treng ryggkirurgi eller protesekirurgi, i tillegg er det mindre pasientgrupper for annan elektiv ortopedi. For å dekke læringsmåla innan traumatologi er det avtale om rotasjon til ortopedisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.
Vi har ein sengepost med 22 senger, 4 operasjonsstover og ein oppvakningsavdeling.Sjukehuset har 6-døgnsdrift, det vil si at sjukehuset stenger laurdag kl. 16.00, og opnar måndag morgon kl. 7.00. Dei fleste heilagdagar er sjukehuset stengt, slik at ein har fri påske og jul/nyttår.
Avdelingane er knytt til Det Medisinske Fakultet, Klinisk institutt 1 ved UiB og har ansvar for undervisninga av medisinstudentar. Legane må derfor delta i undervisning etter nærare avtale.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kristine Vinje Haukaas,Spesialrådgivar,56566083, kristine.vinje.haukaas@helse-bergen.no
Hagaviksbakken 25
5217Hagavik
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5206301944
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 22.11.2026