A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Bergen søkjer legar i spesialisering innan ortopedisk kirurgi (LIS2/3) ved Haukeland universitetssjukehus. Vikariatet er 6 månader med mogleg forlenging og kan telje som del av spesialistutdanninga.
Legevaktene er tilpassa 6-døgnsdrift med fri enkelte dagar, og avdelingane er knytte til Det Medisinske Fakultet ved UiB. Søkarar må vere villige til å delta i undervisning og ha nødvendige autorisasjonar.
Ved Kysthospitalet i Hagevik er detledig eit vikariat for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi (LIS2/3), med tilsetting frå snarast. Varigheit av vikariatet er 6 månadar med moglegheit for forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.
Vi har ein sengepost med 22 senger, 4 operasjonsstover og ein oppvakningsavdeling.Sjukehuset har 6-døgnsdrift, det vil si at sjukehuset stenger laurdag kl. 16.00, og opnar måndag morgon kl. 7.00. Dei fleste heilagdagar er sjukehuset stengt, slik at ein har fri påske og jul/nyttår.
Avdelingane er knytt til Det Medisinske Fakultet, Klinisk institutt 1 ved UiB og har ansvar for undervisninga av medisinstudentar. Legane må derfor delta i undervisning etter nærare avtale.
Søknadsfrist:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
E-post: kristine.vinje.haukaas@helse-bergen.no
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.