A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Gol barnehage utvidar kapasiteten og søkjer fleire tilsette som vil bidra til eit trygt og utviklande barnehagemiljø.
Vi ser etter personar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning, som har erfaring frå barnehage og gode digitale ferdigheiter. God norsk beherskelse er eit krav.
Gol barnehage utvidar kapasiteten med fleire barnehagar og avdelingar frå januar 2027, og vi har difor behov for fleire tilsette.
Gol barnehage er ei felles overordna organisering av dei kommunale barnehagane i Gol: Breidokk, Vesterhuset og Herad, samt Svøotunet barnehage med seks avdelingar som opnar i januar 2027. På heimesida til Gol kommune finn du meir informasjon om den enkelte barnehagen.
I samband med utvidinga søkjer vi fleire dyktige medarbeidarar som ønskjer å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande barnehagemiljø. Vi ser etter deg som vil vere ein aktiv deltakar i barn si læring og utvikling, og som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø.
Ved å søkje stilling hos oss no får du moglegheita til å bli ein del av eit fagmiljø i vekst og vere med på eit spanande utviklingsarbeid i Gol barnehage.