Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Golvsengane barnehage i Stad kommune søkjer barnehagelærar. Stillinga er fast 100 prosent frå 1. januar 2027 eller etter avtale, og er plassert i sentrum av Nordfjordeid med naturopplevingar nært butikken og offentlege fasilitetar.
Du får ansvaret for det pedagogiske arbeidet i samsvar med resten av kollektiv, byggjer relasjonar og fokuserer på meistring for kvart enkelt barn. Vi tilbyr eit støttande miljø og fagleg utvikling, med løn etter gjeldande avtaleverk og gode pensjonsordningar.
Til deg som er barnehagelærar. Vi i Golvsengane barnehage treng flere dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe hos oss. Stillinga er fast, 100 prosent og gjeldande frå 1. januar 2027 eller etter avtale.
Vi ser etter deg som er fagleg ansvarleg for det pedagogiske arbeidet i vår barnehage i samspel med dine medarbeidarar. Du må kunne gje barna omsorg og tryggheit. I dette legg vi at du får medansvar for organisering av leik og læring, med fokus på meistring for kvart enkelt barn. Du skal vere med på å bygge gode relasjonar for å skape lærelyst hos barna. Du er engasjert, løysingsorientert, kan samarbeide, leie og reflektere saman med andre, har godt humør og stå på-vilje.
Hos oss får du eit støttande og godt kollegium der vi gir plass til fagleg og personleg utvikling gjennom eit inspirerande miljø.Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage med åtte avdelingar organisert med små- og storbarnsavdelingar. Barnehagen ligg sentralt til på Nordfjordeid med kort avstand til skog, fjord, fjell, operahuset med biblioteket og Sagastad/Sagaparken. Vår visjon er "Små og store hand i hand". Barna sitt beste står i sentrum for vårt arbeid, men for å få det til treng vi deg.
Vi ser etter medarbeidarar som ynskjer å jobbe i eit godt kollegium der barna sin omsorg, leik og læring står i sentrum for jobben.
Du har nokre av desse eigenskapane:
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden.
Vi ynskjer at du skriv opp referansar viss du har.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om barnehagen eller stillinga, så må du gjerne kontakte styrar Øyvind Dypveit, tlf. 90 66 19 03.