Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Voss DPS NKS Bjørkeli søkjer sjukepleiar/vernepleiar til døgnavdelinga på Bjørkelivegen 27 i Voss. Fast 100% fulltidsjobb som gir tett samarbeid i eit tverrfagleg team og faste langvakter i helger.
Døgnavdelinga ligg i bygg 1, med 12 plassar og ordningar som støttar kompetanseutvikling og godt arbeidsmiljø. Søkjar bør vere autorisert sjukepleiar/vernepleiar, og utdanning/erfaring vert vektlagt. Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar og sosiale tilbod.
Voss DPS NKS Bjørkeli har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved døgnavdelinga. Døgnavdelinga har årsturnus, med langvakter i helger.
Om døgnavdelinga
Døgnavdelinga ligg i 3. etasje i bygg 1, Bjørkelivegen 27, og har plass til 12 pasientar, der éin plass er reservert for brukarstyrt innlegging.
Avdelinga har eit tverrfagleg behandlarteam beståande av:
Hjelpepleiarar
Fleirtalet av dei tilsette har vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, og fleire har også vidareutdanning i kognitiv terapi.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
Fordel med vidareutdanning eller relevant erfaring
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar.
Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel.
Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar.
Du har auge for det beste for dei rundt deg, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
Jamnlege sosiale arrangement.
Høgt fagleg nivå.
Voss DPS består av ei døgnavdeling og ei poliklinikkavdeling med allmennpsykiatrisk seksjon og rehabiliteringspoliklinikk. Poliklinikken har dessutan eit godt utvikla gruppetilbod med fokus på traumer og personlegdomsforstyrringar. Vi har 75 ansatte. Vi er tverrfagleg samansett med psykiatarar, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fysioterapeutar, hjelpepleiarar, ergoterapeut, musikkterapeut, jobbspesialistar, aktivitetsleiar og sekretærar.
Vi har tett samarbeid med Helse Bergen. Vi har dessutan eige kjøkken, reinhaldspersonell og vaktmeister.
Voss DPS ligg ein snøgg time frå Bergen (med tog), 10 minutters gange frå jernbanen i sentrum. Vi har eit fagmiljø i vekst, eit godt arbeidsmiljø og flotte lokaler.
Voss byr på vakre naturopplevingar, eit spennande kulturtilbod og ca 15.000 gode naboar.