Leder fysioterapi og ergoterapi – utvikling

Frode Bøe Hatlelid

Brattvåg

On-site

NOK 900,000 - 1,200,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant
Application generator

Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Spennende leiarstilling
Støttande leiargruppe
Tverrfagleg arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter avtale

Qualifications

  • Autorisasjon som fysioterapeut.
  • Krav om leiarutdanning og/eller dokumentert relevant leiarerfaring. Dersom kandidaten ikkje har leiarutdanning, må det påreknast å gjennomføre relevant leiarutdanning innan to år etter tilsetjing.
  • Leiar- og fysioterapeuterfaring frå kommunehelseteneste er ein fordel.
  • Kjennskap til relevant lovverk.
  • Gode ferdigheiter i bruk av digitale verktøy.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Responsibilities

  • Dagleg fag-, personal- og økonomiansvar for fysioterapi- og ergoterapitenesta.
  • Planleggje bemanning, arbeidsplanar og fordeling av oppgåver i samsvar med god utnytting av kompetanse og kapasitet.
  • Følgje opp medarbeidarar, sjukefråvær, HMS og arbeidsmiljø.
  • Følgje opp fagleg utviklingsarbeid.
  • Leie og delta i tverrfagleg samarbeid.
  • Bidra til utvikling av framtidsretta og effektive tenester.
  • Utføre fysioterapifagleg arbeid med kartlegging, behandling, rehabilitering og oppfølging av brukarar.
  • Følgje opp fysioterapeutar med driftsavtale i samarbeid med tenesteleiar

Skills

Leiarerfaring
Kommunikasjon
Organisering
Fagutvikling
Norskkunnskapar

Education

Autorisasjon som fysioterapeut

Tools

Digital verktøy

Job description

Avdelingsleiar fysioterapi og ergoterapi – 100 % fast stilling


Er du ein tydeleg, engasjert og utviklingsorientert leiar som ønskjer å bidra til gode helse- og meistringstenester for innbyggjarane i Haram kommune? Då kan dette vere stillinga for deg!


Vi søkjer ein fagleg sterk og utviklingsorientert avdelingsleiar for fysioterapi og ergoterapi. Stillinga er 100 % fast, med 50 % administrativt leiararbeid og 50 % utøvande, pasientretta arbeid. Du får dermed høve til å kombinere leiing og fagutvikling med direkte arbeid med innbyggjarane.


Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å leie, koordinere og vidareutvikle tenestene. Du får personal-, økonomi- og fagansvar og blir ein del av leiargruppa for helsetenester, saman med tenesteleiar, avdelingsleiar for legetenesta og avdelingsleiar for psykisk helse og rus.


Vi ser etter deg som har stor arbeidskapasitet, trivst med eit høgt tempo og likar ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag. Du må kunne handtere fleire oppgåver samtidig, vere løysingsorientert og evne å prioritere når arbeidsdagen krev det.


Om tenesta:Fysio- og ergoterapitenesta er ei tverrfagleg teneste med 4,5 årsverk fysioterapeut, 2 årsverk ergoterapeut, 0,8 årsverk innan velferdsteknologi og 1 årsverk hjelpemiddelteknikar, i tillegg til avdelingsleiar. Vi er per i dag samlokaliserte i Kompetanseparken i Brattvåg.


Tenesta arbeider med helsefremjande, førebyggjande, habiliterande og rehabiliterande tiltak og har eit tett samarbeid med andre faggrupper og kommunale tenester. Vi ønskjer å utvikle tenestene vidare med fokus på fagleg kvalitet, god ressursutnytting, tverrfagleg samarbeid og gode løysingar for innbyggjarane.


Som avdelingsleiar vil du få ei viktig rolle i dette utviklingsarbeidet, samtidig som du sjølv er ein aktiv del av det faglege arbeidet gjennom den utøvande delen av stillinga.


Stillinga er organisert under kommunalområde Livsløp, som samlar fleire tenester som er viktige bidragsytarar til å støtte opp om livsløpet til innbyggjarane i Haram kommune. Livsløp omfattar mellom anna: Psykisk helse og rus, helsestasjon og jordmor, pedagogisk fagsenter, ressursbase, integrering, barnevern, NAV, fysioterapi og ergoterapi og legetenester


I Haram kommune er vi opptekne av å utvikle gode, heilskaplege og framtidsretta tenester. Vi skal spele kvarandre gode, dele kompetanse og samarbeide på tvers av fagområde og tenester. Slik ønskjer vi å skape robuste tenester som møter behova til innbyggjarane våre.


Arbeidsoppgåver


  • Dagleg fag-, personal- og økonomiansvar for fysioterapi- og ergoterapitenesta

  • Planleggje bemanning, arbeidsplanar og fordeling av oppgåver i samsvar med god utnytting av kompetanse og kapasitet

  • Følgje opp medarbeidarar, sjukefråvær, HMS og arbeidsmiljø

  • Følgje opp fagleg utviklingsarbeid

  • Leie og delta i tverrfagleg samarbeid

  • Bidra til utvikling av framtidsretta og effektive tenester

  • Utføre fysioterapifagleg arbeid med kartlegging, behandling, rehabilitering og oppfølging av brukarar

  • Følgje opp fysioterapeutar med driftsavtale i samarbeid med tenesteleiar


Kvalifikasjonar


  • Autorisasjon som fysioterapeut

  • Krav om leiarutdanning og/eller dokumentert relevant leiarerfaring. Dersom kandidaten ikkje har leiarutdanning, må det påreknast å gjennomføre relevant leiarutdanning innan to år etter tilsetjing

  • Leiar- og fysioterapeuterfaring frå kommunehelseteneste er ein fordel

  • Kjennskap til relevant lovverk

  • Gode ferdigheiter i bruk av digitale verktøy

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg


Personlege eigenskapar


  • Tydeleg og trygg i leiarrolla – du tek ansvar, set retning og følgjer opp medarbeidarar og oppgåver på ein tydeleg og tillitsskapande måte.

  • Strukturert og utviklingsorientert – du arbeider systematisk, har oversikt og ser moglegheiter for å utvikle tenestene og arbeidsmåtar.

  • Har høg arbeidskapasitet og er fleksibel – du trivst med ein variert og til tider hektisk arbeidskvardag, handterer fleire oppgåver samtidig og evnar å prioritere når situasjonen krev det.

  • Du er fleksibel og kan raskt omstille deg når behov og oppgåver endrar seg.

  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – du kommuniserer tydeleg og respektfullt og byggjer gode relasjonar både med medarbeidarar, leiarar og samarbeidspartnarar.

  • Evner å motivere og skape engasjement – du ser medarbeidarane, byggjer eit godt arbeidsmiljø og legg til rette for medverknad, fagleg utvikling og felles mål.

  • Er løysingsorientert og initiativrik – du tek initiativ, ser moglegheiter og finn praktiske løysingar når utfordringar oppstår.


Vi tilbyr


  • Ei spanande og variert leiarstilling

  • Ei aktiv og støttande leiargruppe med gode høve for samarbeid, erfaringsdeling og fagleg utvikling

  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse

  • Moglegheit til å påverke og vidareutvikle førebyggjande og rehabiliterande tenester

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Løn etter avtale


Kontaktinformasjon

Elly Christine Volsdal Slettvoll,Tenesteleiar,90158565,Elly.christine.Volsdal.Slettvoll@haram.kommune.no


Frode Bøe Hatlelid,Kommunalsjef,92243788,Frode.Boe.Hatlelid@haram.kommune.no


Arbeidsstad

Skjelt-ole Bakken 9


6270Brattvåg


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune


Referansenr.: 4996322278


Stillingsprosent: 100%


Fast


Startdato: 04.01.2027


Søknadsfrist: 25.10.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Avdelingsleiar for fysio- og ergoterapi
Avdelingsleiar for fysio- og ergoterapi

Frode Bøe Hatlelid • Brattvåg

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Spennende leiarstilling
Støttande leiargruppe
Tverrfagleg arbeidsmiljø
+2
Avdelingsleiar for fysio- og ergoterapi
Avdelingsleiar for fysio- og ergoterapi

Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune • Brattvåg

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Variert lederstilling
Støttende ledergruppe
Tverrfaglig arbeidsmiljø
+2
Fysioterapeut
Fysioterapeut

Viviann Maridal • Brattvåg

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Tilgang til tenestebil
Gratis parkering
Løn etter tariff
Sjukepleiar/vernepleiar- Nattstilling
Sjukepleiar/vernepleiar- Nattstilling

Linn Borgund • Ulvestad

On-site
NOK 420,000 - 500,000
Personlig utvikling
Faglig utvikling
Tarifflønn
Tilkallingsvikarar Haram bustader og Solbakken bukollektiv
Tilkallingsvikarar Haram bustader og Solbakken bukollektiv

Linn Borgund • Brattvåg

On-site
NOK 400,000 - 500,000
Mulighet for personlig utvikling
Kreativt arbeidsmiljø
Lønn etter tariffavtale
Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

Tone Elise Austnes • Nogva

On-site
NOK 357,000 - 469,000
Godt fagmiljø
Teknologi i arbeid
Lønn etter tariff
Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

Ingrid Beate Mathisen • Brattvåg

On-site
NOK 480,000 - 600,000
Løn etter tariff
Faglig utvikling
Spennande og variert stilling
Vil du lede og videreutvikle en sentral tjeneste i kommunens helse- og mestringsarbeid?
Vil du lede og videreutvikle en sentral tjeneste i kommunens helse- og mestringsarbeid?

Martin Eggum Pøyhønen • Kongsvinger

On-site
NOK 800,000 - 1,100,000
Konkurransedyktige lønns- og arbeidsbУ
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Fleksibel arbeidstidsordning
+2
2. gangs utlysningHelsefagarbeidar fast stilling
2. gangs utlysningHelsefagarbeidar fast stilling

Solbakken bukollektiv • Ulvestad, Brattvåg

On-site
NOK 260,000 - 340,000
Løn etter tariffavtale
Virksomhetsleder fysio- og ergoterapitjeneste og innsatsteam hverdagsrehabilitering
Virksomhetsleder fysio- og ergoterapitjeneste og innsatsteam hverdagsrehabilitering

Urd Berntsen • Arendal

On-site
NOK 650,000 - 900,000
En spennende og utfordrende stilling
Et spennende og lærerikt fagmiljø med
Stillingen er definert som en ledende仍
+2