Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Haram kommune i Brattvåg søkjer 100% vikar for fysioterapeut med kompetanse og interesse for helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande arbeid. Tenesta er samlokalisert i Kompetanseparken i Brattvåg sentrum og har i dag fem fysioterapeutar og to ergoterapeutar i tillegg til avdelingsleiar.
Arbeidet krev kartlegging, tilrettelegging og oppfølging av pasientar i eigen heim, samt trening i rehabiliteringsfase og tverrfagleg samarbeid internt og eksternt.
Vi søkjer etter 100% vikar for fysioterapeut med kompetanse og interesse for helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande arbeid.
Tenesta har i dag fem fysioterapeutar og 2 ergoterapeutar i tillegg til avdelingsleiar, og er samlokalisert i Kompetanseparken i Brattvåg sentrum.
Tenesteområdet er ein del av kommunalområde Livsløp, der fleire tenester er samla. Alle tenestene er viktige bidragsytarar til å støtte opp om livsløpet til kommunen sine innbyggjarar.Livsløp består av tenestene Ergoterapi, fysioterapi og lege, helsestasjon og jordmor, Pedagogisk fagsenter, Psykisk helse, rus og ressursbase, Flyktning, Barnevern, NAV - kommune.
I Haram kommune er gode, heilskapelege tenester i fokus. Vi legg vekt på å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape eit robust tilbod for innbyggjarar og næringsliv.