Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Bryggja skule AS i Nordfjord søkjer ein engasjert lærar til barnetrinnet (1.–4. klasse). Skulen ligg sentralt i Nordfjord og har eit inkluderande miljø der elevar kjenner seg trygge og heider seg tilhørigheit og meistring.
Du må ha godkjent lærarutdanning for barnetrinnet, gjerne erfaring frå grunnskule, og gyldig politiattest før tilsetjing. Stillinga inneheld samarbeid på tvers av trinn og fag, og ein vil vere ein viktig del av skulen sitt faglege og sosiale fellesskap.
Vi søkjer ein engasjert og trygg lærar som ønskjer å bli ein del av vårt inkluderande skulemiljø. Denne stillinga er tiltenkt barnetrinnet, 1-4 klasse. Kontaktlæraransvar kan vere aktuelt.
Bryggja skule AS er ein privatskule som ligg sentralt i Nordfjord. Bryggja skule AS har dette skuleåret 37 elevar fordelt på 1-7 trinn. Det nære skulemiljøet gjer at vi kjenner elevane våre godt. Vi er opptatt av at alle elevar skal oppleve tilhørighet, meistring og glede i skulekvardagen. Som lærar ved Bryggja skule AS, får du mogelegheit til å bli godt kjent med både elevar, foresatte og kollegaer. Du blir ein viktig del av skulen sitt faglege og sosiale felleskap.
Vi ser gjerne at du har erfaring frå barnetrinnet og interesse for fleire fagområder. På ein liten skule er det viktig å samarbeide på tvers av trinn og fag, og vi set pris på medarbeidarar som ser mogelegheiter og bidreg der det trengs.
Vi søkjer deg som:
Er ein trygg og tydeleg klasseleiar.
Byggjer gode relasjonar til elevar og foresatte.
Har eit inkluderande elevsyn.
Bidra til eit trygt og godt skulemiljø.
Delta i skulen sitt utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar:
Godkjent lærarutdanning som kvalifiserar til undervisning på barnetrinnet.
Erfaring frå grunnskule er ønskjeleg.
Gyldig politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Ein spennande og variert arbeidskvardag.
Om stillinga:
Arbeidsstad: Bryggja
Søknadsfrist: 14.10.26.
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, respekt og inkludering, og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje.