Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Foldnes skule ligg på Litle Sotra og leitar etter to lærarar til førsteklasse til skulekrinsen som dekker Foldnes, Våge og Anglevik. Vi tilbyr eit trygt arbeidsmiljø og varierte oppgåver i ein fulldelt barneskule med 280 elevar.
Kvalifikasjonane inkluderer godkjend utdanning som lærar og sterke norskkunnskapar, i tillegg til personlege eigenskapar som er relasjonelle, engasjerte og solide i klasseleiing.
Foldnes skule ligg på Litle Sotra, om lag 15 min frå Bergen sentrum. Skulekrinsen dekkjer Foldnes, Våge og Anglevik. Skulen er ein fulldelt barneskule med 280 elevar fordelt på 14 klassar.
Foldnes skule ligg på Litle Sotra, om lag 15 min frå Bergen sentrum. Skulekrinsen dekkjer Foldnes, Våge og Anglevik. Skulen er ein fulldelt barneskule med 280 elevar fordelt på 14 klassar.
Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.