Lærar ved Farnes skule

Årdal kommune Skule

Årdalstangen

On-site

NOK 520,000 - 660,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Pensjonsordningar
Forsikringsordningar

Job summary

Farnes skule i Årdal er ein kombinert 1.–10.-skule med ca 350 elevar og 64 tilsette. Me søkjer engasjerte lærarar som vil vere med å skape ein trygg skulekvardag og bidra positivt til fellesskapet vårt.

Stillinga er eit 100% vikariat med tiltreding 01.02.27 og fram til 31.12.27.

Qualifications

  • Me ser etter deg som har godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen.

Responsibilities

  • Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning i tråd med gjeldande lovverk og læreplanar.
  • Oppfølging av elevar sin faglege og sosiale utvikling.
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø.
  • Samarbeid med lærarar, fagarbeidarar, assistentar og andre tilsette.
  • Tett og godt samarbeid med føresette og andre relevante samarbeidspartnarar.
  • Deltaking i skulen sitt profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid.

Job description

Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen

På Farnes skule ønskjer me at elevane våre skal oppleve tryggleik, meistring og lærelyst. No ser me etter engasjerte lærarar som vil vere med og skape ein god skulekvardag og bidra positivt inn i fellesskapet vårt.

Farnes skule er ein kombinert 1.–10.-skule med om lag 350 elevar. I tillegg har me skulefritidsordning med tilbod til rundt 100 barn. Til saman er det om lag 64 tilsette ved skulen, inkludert pedagogar, assistentar, skuleleiing og administrative støttefunksjonar. Du blir dermed ein del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med brei kompetanse og tett samarbeid rundt elevane.

Vil du vere med og skape læring gjennom trivsel og respekt?

Farnes skule har ledig 100 % vikariat som lærar, med tiltreding 01.02.27, og fram til 31.12.27.

På Farnes skule ønskjer me at elevane våre skal oppleve tryggleik, meistring og lærelyst. No ser me etter engasjerte lærarar som vil vere med og skape ein god skulekvardag og bidra positivt inn i fellesskapet vårt.

Om Farnes skule

Farnes skule er ein kombinert 1.–10.-skule med om lag 350 elevar. I tillegg har me skulefritidsordning med tilbod til rundt 100 barn. Til saman er det om lag 64 tilsette ved skulen, inkludert pedagogar, assistentar, skuleleiing og administrative støttefunksjonar. Du blir dermed ein del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med brei kompetanse og tett samarbeid rundt elevane.

Visjonen vår er:

«Me skal utvikla sjølvstendige, trygge ungar med danning og lærelyst.»

Våre sentrale verdiar er trivsel, respekt, tryggleik og meistring. Desse verdiane ligg til grunn for arbeidet vårt kvar dag, både i møte med elevane og i samarbeid mellom dei tilsette.

Undervisninga er organisert i to skulebygg, eitt for 1.–7. trinn og eitt for 8.–10. trinn, noko som legg til rette for eit godt læringsmiljø tilpassa ulike alderstrinn. Skulen har ei breitt samansett leiing og støtteapparat med rektor, avdelingsleiarar, rådgjevar, IKT-koordinator og spesialpedagogisk koordinator.

Farnes skule vart sertifisert som dysleksivenleg skule i 2010, noko som kjem til uttrykk gjennom systematisk og inkluderande lese- og skriveopplæring for alle elevar. Me er òg ein mobbefri skule, og arbeider målretta for å sikre at alle elevar opplever eit trygt og inkluderande skulemiljø.

Hjå oss skal elevane bli sett, utfordra og få oppleve meistring. Som lærar blir du ein viktig del av dette arbeidet.

Arbeidsoppgåver

Som lærar ved Farnes skule får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning i tråd med gjeldande lovverk og læreplanar
  • oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling
  • å bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
  • samarbeid med lærarar, fagarbeidarar, assistentar og andre tilsette ved skulen
  • tett og godt samarbeid med føresette og andre relevante samarbeidspartnarar
  • deltaking i skulen sitt profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid

Stillinga kan innehalde undervisning både på barne- og ungdomssteget, inkludert individuelt tilrettelagd opplæring. Kontaktlæraransvar kan bli lagt til stillinga. Ved undervisning på ungdomssteget kan oppgåver knytte til eksamen vere aktuelt.

Kven ser me etter?

Me ser etter deg som har godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Søkjarar med anna relevant utdanning og praksis kan òg bli vurderte.

For oss er det viktig at du ynskjer å bidra både til elevane si utvikling og til fellesskapet blant dei tilsette.

Me ynskjer oss ein kollega som:

  • skapar gode relasjonar og møter elevane med varme, respekt og tydelege forventningar
  • ser den enkelte eleven og legg til rette for tryggleik, trivsel og meistring
  • er engasjert og tek initiativ
  • likar å samarbeide og bidra aktivt i profesjonsfellesskapet
  • deler kunnskap og erfaringar med kollegaene sine
  • er kreativ, nysgjerrig og utforskande i undervisninga
  • er fleksibel, løysingsorientert og utviklingsorientert

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Me tilbyr:
  • ein meiningsfull jobb der du får vere med og gjere ein forskjell for barn og unge
  • eit godt og stabilt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • eit tverrfagleg arbeidsmiljø med pedagogar, assistentar og støttefunksjonar
  • eit profesjonsfellesskap der samarbeid, kunnskapsdeling og utvikling står sentralt
  • ein variert arbeidskvardag med elevar frå 1. til 10. trinn
  • høve til å utvikle deg fagleg og bidra til utvikling av skulen
  • arbeid i ein veldriven kommune med gode og trygge rammevilkår
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtale og avtaleverk
Kjenner du deg att i dette og har lyst til å bli ein del av laget på Farnes skule? Då håpar me å høyre frå deg!
Andre opplysningar:
  • Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering.
  • Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder.
  • For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing.

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram. Velkomen til oss i Årdal!

To faste 100 % stillingar som barnehagelærar i Lærdal kommune - 2. gongs utlysing

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Vil du vera med å gjera ein forskjell i barns oppvekst?
Vil du vera med å gjera ein forskjell i barns oppvekst?

Hjelmeland kommune Årdal skule • Årdal

On-site
NOK 520,000 - 660,000
Lønn etter gjeldande avtaleverk
Pensjon og forsikringsordning
Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
+2
Fastlege ved Årdal legekontor
Fastlege ved Årdal legekontor

Arbeidsplassen • Årdalstangen

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Pensjonsordning
Hjelp til bustad
Bedriftshytte-utleige
+1
Lærere
Lærere

Elisabet Bråten • Fagernes

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Veiledning for nyutdannet
Gode arbeidsforhold
Tilrettelegging for digital læring
+1
Lærere
Lærere

Nord-Aurdal barneskole, Nord-Aurdal kommune • Fagernes

On-site
NOK 600,000 - 700,000
Forsikrings- og pensjonsvilkår iISPK
Veiledning/ mentoring
Nært naturlandskap/nærmiljø
+1
Tilkallingsvikar som lærer - kommunale grunnskoler
Tilkallingsvikar som lærer - kommunale grunnskoler

Farsund kommune • Farsund

On-site
NOK 386,000 - 496,000
Veiledning og opplæring
Utfordrende arbeidsoppgaver
Tobakksfri arbeidstid
Tilkallingsvikarer til skolene i Sør-Aurdal kommune 2026/2027
Tilkallingsvikarer til skolene i Sør-Aurdal kommune 2026/2027

Oppvekst og kultur, Sør-Aurdal kommune • Sør-Aurdal

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Lønn etter kvalifikasjoner og tariffav
Rettigheter og plikter i henhold til g
Tilkallingsvikarer - kommunale grunnskoler - fagarbeidere og assistenter
Tilkallingsvikarer - kommunale grunnskoler - fagarbeidere og assistenter

Arbeidsplassen • Farsund

On-site
NOK 230,000 - 290,000
Tilkallingsvikarar i bu- og miljøtenesta
Tilkallingsvikarar i bu- og miljøtenesta

Årdal kommune Bu og miljøtenesta • Årdalstangen

On-site
NOK 320,000 - 420,000
God opplæring
Kjørekort klasse B ønskelig
Lærar Naturbruk
Lærar Naturbruk

Torbjørn Litlere • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Gode pensjonsordningar
Lærervikarer
Lærervikarer

Bjørg Skråmestø • Fauskanger

On-site
NOK 400,000 - 540,000
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Varmt og inkluderende arbeidsmiljø
+1