Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Vestland fylkeskommune søker lærar til vidaregåande skule i Bergen. Fast stilling med praktisk og teoretisk undervisning i naturbruk, anleggsgartnar og landbruk. Undervisninga fokuserer på drift av hage og parkanlegg, steinarbeid og maskinbruk.
Du kjem til å samarbeide med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og samarbeid med næringslivet om praksis for elevane. Ein viktig del av stillinga er å bidra til mangfald, inkludering og god relasjonsbygging i eit hektisk arbeidsmiljø.
Stend videregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv,
påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til vedFanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med åutvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg.Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr.Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. Itillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.
Fast stilling som lærar med praktisk og teoretisk undervisning i programområde naturbruk, anleggsgartnar og landbruk. Undervisninga er særleg knytt til emne som drift av hage og parkanlegg, steinarbeid, maskin- og reiskapsbruk.
Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om praksis i bedrifter for elevane.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder.Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattestVi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjortsjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fråoffentlig søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Torbjørn Litlere,avdelingsleiar,40488885
Fanavegen 249
5244Fana
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5185688875
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket.Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.