Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
TESS Vest as søker ein kunde- og løysingsorientert kunderettleiar til vårt servicecenter i Sløvåg. Du vert ein viktig del av eit fagleg sterkt team, som arbeider med tekniske produkt og service av høg kvalitet.
Du bør ha relevant utdanning eller erfaring frå sal, og vere sjølvstendig, strukturert og serviceinnstilt. Vi tilbyr utviklingsmoglegheiter, konkurransedyktige vilkår og stor påverknadsmoglegheit i eigen jobb.
Kunderettleiar
TESS veks og søkjer ein engasjert og løysingsorientert kunderettleiar. Hos oss får du høve til å vere ein sentral del av eit dynamisk team som arbeider med spennande produkt og tenester, der service og kvalitet står i høgsetet.
Vi søkjer ein kunderettleiar til vårt servicesenter i Sløvåg, der du blir ein viktig del av eit dynamisk og fagleg sterkt team. Stillingsprosent inntil 100%.
Som bransjeleiar skapar vi nye arbeidsplassar og utviklar våre tilsette i tråd med tida. Vi er kontinuerleg på jakt etter engasjerte medarbeidarar som bidreg til vekst av konsernet. TESS er landets største leverandør av drifts- og vedlikehalds- produkt, og har forma slangebransjen i over eit halvt århundre. Våre tilsette jobbar med alt frå sal og logistikk, til produksjon og engineering. Markedssegmenta vi prioriterer er offshore, havbruk, entreprenør, industri og offentleg.