Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Sognekraft i Vestland søkjer ein drifts- og vedlikehaldskoordinator som får ansvar for dagleg ressursallokering på tvers av 23 kraftverk i Sogn og Fjordane. Du vil ha ansvaret for å sikre bemanning av arbeidsordrar, oppfølging av logistikken og dokumentasjon.
Du blir ein viktig del av vedlikehaldsmiljøet med fokus på HMS, struktur og framdrift. Erfaring frå administrativt arbeid og god digital kompetanse blir verdsett høgt.
God digital forståing og kjennskap til system for dokumentasjon og rapportering
Du treng ikkje vere ingeniør eller fagekspert for å passe inn hjå oss. Det som skil deg ut, er evna til å skape struktur, halde oversikt og få folk til å dra i same retning. Er du strukturert, god på å byggje relasjonar og motivert av å sikre framdrift – då bør du lese videre.
Om jobbenSom drifts- og vedlikehaldskoordinator får du ansvar for den daglege ressursallokeringa på tvers av 23 kraftverk fordelt i heile Sogn og Fjordane. Kvart anlegg har ein vedlikehaldsansvarleg som planlegg og utarbeider arbeidsordrar – di oppgåve er å sikre at desse ordrane blir bemanna og gjennomførte til rett tid. I tillegg har du oversikt over reservedelslageret, følgjer opp rapportering og myndigheitskrav, og er sentral i å halde rutinar og dokumentasjon på plass.
Ein typisk arbeidsdag kan innebere alt frå å koordinere kven som skal ut til eit anlegg dei neste dagane, følgje opp at varer er bestilt inn og på plass før jobben byrjar, sjå til at jobben blir gjennomført og dokumentert eller ta ein telefon for å løyse ei praktisk utfordring. Dagane er varierte, og du vil raskt bli kjent med folk i heile organisasjonen.
Kvifor velje oss?Me er 15 gode kollegaer i vedlikehaldsgruppa og me legg vekt på godt samarbeid og ein trygg arbeidskvardag. Sidan kraftverka ligg spreidde i heile Sogn og Fjordane, må du like å vere strukturert og ha ordenssans. Geografien kan utfordre oss, men me finn gode løysingar saman og det gir spennande og varierte arbeidsoppgåver.
Er du klar for å bli med på laget?Rolla krev tett dialog med mange ulike folk i organisasjonen, så du er god på å byggje relasjonar og trivst i sosial kontakt med kollegar og samarbeidspartnarar. Me ser for oss ein person som er påliteleg, strukturert og har høg gjennomføringsevne. Du blir motivert av å skape orden og framdrift på tvers av fagfelt, og du likar å stille dei enkle spørsmåla som sikrar at ingenting blir tatt for gitt. Ei aktiv haldning til HMS er viktig for oss.
Du har:Interesse for struktur, planlegging og koordinering – gjerne med erfaring frå administrativt arbeid
Generell teknisk forståing – stillinga krev ikkje djup fagspesialisering
God digital forståing og kjennskap til system for dokumentasjon og rapportering
Gode kommunikasjonsevner på norsk, munnleg og skriftleg, samt basiskunnskapar i engelsk
Førarkort klasse B
Sidan bransjen er underlagt kraftberedskapsforskrifta, vil aktuelle kandidatar gjennom ein bakgrunnssjekk før tilsetjing. Du vil få nærare informasjon om dette dersom du er aktuell.
Se flere stillinger Hjemmeside Bli kjent med SOGNEKRAFT AS