Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Statens vegvesen i Norge søker kontrollingeniørar til E134 Vågsli-Seljestad. Prosjektet er første byggtrinn i Vågsli-Seljestad og inneber bygging av ein 12,4 km tunnel med korte tillegg i endevegar. Bygget starta i mai 2025 og har estimer byggjeperiode på cirka seks år.
Du blir del av ein kunnskapsrik prosjektorganisasjon, med ansvar for å leie utbygginga, sikre framdrift og oppfylle krav til kvalitet og sikkerheit. God erfaring frå tunnelarbeid og relevante utdanning er sentralt for stillinga.
Liamyrane, 5760 Røldal
Stillingstittel Kontrollingeniører E134 Vågsli-Seljestad
E134 Røldal -Seljestad er første byggetrinn på strekninga Vågsli - Seljestad, som skal betre aust-vest-forbindelsen over Haukelifjell. I denne omgang skal det byggast ein 12,4 km lang eittløpstunnel, med litt veg i dagen i kvar ende. Totalentreprisen vart signert 31.mars 2025, og byggestart var i mai 2025.
Vi har nå drevet omlag 2,4km av den nye Røldalstunnelen og har behov for å auke bemanninga i ein slagkraftig og kompetent prosjektorganisasjon til å leie utbygginga. Dette er eit langvarig prosjekt med ei byggetid på omlag 6 år. Her har du sjansen til å sette ditt preg på organisasjonen, og vere med på å bygge opp organisasjonen vidare. Du vil bli del av ein hyggeleg og arbeidsam gjeng, som har god kompetanse på området, og vi liker å sjå på oss sjølv som gode kollegar.
Stillingane inngår i ei skiftordning på 12/16, og kontorstad vil vere prosjektkontor på Liamyrane ved Røldal.
Lurer du på korleis det er å jobbe som kontrollingeniør i Vegvesenet? Her kan du lese om Marius sin kvardag som kontrollingeniør på Sotrasambandet.
Kjenner du deg igjen i ein eller flere av desse oppgåvene, og har erfaring frå prosjekt, vil vi oppfordre deg til å søke!
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
Om du har omfattande og relevant erfaring, og gode personlege forutsetninger for stillinga, kan det kompensere for manglande formell utdanning.
Vi ser etter deg som er sjølvgående, strukturert, har god organisasjonsforståing og gjennomslagskraft, og som trivast med å være ein påverkar. Du er fleksibel, initiativrik og løysingsorientert, har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Det er naturlig for deg å verenøyaktig og kvalitetsbevisst, for du har erfart at detaljer er viktig.
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fy