Kontorsjef

Statens vegvesen

Norway

Remote

NOK 900,000 - 1,200,000

Full time

2 hours ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Fleksitid og avspasering
God pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstida

Job summary

Statens vegvesen søker ei leiar som skal leie personal og ha ansvar for mål og resultat for medarbeidarar fordelt på seks lokasjonar i Vestlandet. Kontorstad kan vere Førde, Sogndal, Ørsta, Ålesund, Nordfjordeid eller Stord, og stillinga inneber noko reiseverksemd.

Du rapporterer til seksjonssjefen og blir ein del av leiargruppa. Du skapar eit godt arbeidsmiljø, utviklar kundeorienterte tenester og følgjer våre leiarprinsipp.

Qualifications

  • Relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule (minst tre år).
  • Dokumentert leiarerfaring med personalansvar.
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk.

Responsibilities

  • Leie, følgje opp og utvikle medarbeidarane og bidra til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Bidra aktivt i leiargruppa og styrke samarbeidet på tvers av lokasjonar og fagmiljø.
  • Følgje fag, kvalitet og ressursbruk og arbeide tett med medarbeidarar og kundar.

Education

Relevant høgare utdanning (universitet/høgskule)

Job description

Vil du leie medarbeidarar som kvar dag bidreg til auka trafikktryggleik? Som kontorsjef får du ei sentral rolle i leiinga av trafikant- og førarprøveområdet på Vestlandet.

Eininga har ansvar for førarprøver, trafikktryggleiksarbeid og andre publikumsretta oppgåver. Du får personal-, økonomi-, mål - og resultatansvar for medarbeidarar på seks lokasjonar. Du følgjer opp fag, kvalitet og ressursbruk, og arbeider tett med både medarbeidarar og kundar. Stillinga inngår i leiargruppa til seksjonen og inneber noko reiseverksemd. Du rapporterer til seksjonssjefen.

Kontorstad er ved trafikkstasjonen i Førde, Sogndal, Ørsta, Ålesund, Nordfjordeid eller Stord.

Vi ser etter ein leiar som skaper eit godt arbeidsmiljø og utviklar kundeorienterte tenester.

  • leie, følgje opp og utvikle medarbeidarane og bidra til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
  • bidra aktivt i leiargruppa og styrke samarbeidet på tvers av lokasjonar og fagmiljø

Som leiar i Statens vegvesen forventes det at du følgjer leiarprinsippane våre – vårt felles kompass for godt leiarskap:

  • Ver til stades – eg lytter, tek vare på medarbeiderane og motiverer til innsats.

Prinsippa byggjer på våre verdiar og gir retning for korleis vi leier, samhandlar og utviklar oss – både som enkeltleiarar og som organisasjon.

Kvifor skal du velje oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av eit landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling - både for deg sjølv og for oss.

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
  • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
  • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tre år. Omfattande og relevant erfaring frå aktuelle fagområde kan kompensere for manglande formell utdanning
  • dokumentert leiarerfaring med personalansvar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Vi legg vekt på at du er motivert for leiarrolla og har god forståing for samfunnsoppdraget vårt.

Om du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, må du leggje ved autorisert omsetjing av dokumentasjonen og godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (https://hkdir.no/).

Det er ein fordel om du har:

  • leiarutdanning eller anna relevant vidareutdanning
  • erfaring frå offentleg forvaltning og kjennskap til relevant regelverk

Som tilsett i Statens vegvesen må du vere tryggingsmessig skikka, ha god dømmekraft og vere påliteleg og lojal.

Personlege eigenskapar

Du er ein tydeleg, trygg og samlande leiar. Du kommuniserer ope, skaper tillit og motiverer medarbeidarane. Samtidig byggjer du gode relasjonar på tvers av fagmiljø og lokasjonar.

Du arbeider strukturert, tek avgjerder og følgjer dei opp. I ein kompleks arbeidskvardag klarer du å prioritere og balansere omsynet til medarbeidarar, kundar, kvalitet og resultat.

Som tilsett i Statens vegvesen må du vere tryggingsmessig skikka, ha god dømmekraft og vere påliteleg og lojal.

Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen. Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter. Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.

Divisjon Trafikant og køyretøy (TK) har ansvar for det meste av det som har med førarkort og køyretøy å gjera i dette landet. Me utviklar regelverket innan våre fagfelt og kontrollerer at dette blir følgt av trafikantar, bileigarar, verkstader, trafikkskular og transportbedrifter. Me har rundt 1400 tilsette over heile landet og møter publikum kvar dag, både fysisk, i telefonen og digitalt. Dei digitale sjølvbeteningsløysingane våre gjer at me er tilgjengeleg heile tida.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Kontorsjef for trafikant- og førarprøvetenester
Kontorsjef for trafikant- og førarprøvetenester

Statens vegvesen • Norway

Remote
NOK 900,000 - 1,100,000
Fleksitid og avspasering
God pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstida
+1
Førerprøvesensor Stavanger eller Bergen
Førerprøvesensor Stavanger eller Bergen

Statens vegvesen • Stavanger

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Fleksitid
Pensjonsordning
Lån
+1
Førerprøvesensor i Steinkjer eller Stjørdal
Førerprøvesensor i Steinkjer eller Stjørdal

Steinkjer Utvikling • Steinkjer, Stjørdal

Hybrid
NOK 520,000 - 660,000
Fleksitid og avspasering
God pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstiden
+1
Jurist med interesse for trafikksikkerhet
Jurist med interesse for trafikksikkerhet

Statens vegvesen • Arendal

On-site
NOK 600,000 - 800,000
Fleksitid
Pensjonsordning
Trening i arbeidstiden
+1
Jurist
Jurist

Statens vegvesen • Arendal

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Fleksitid og avspasering
God pensjonsordning og lån
Faglig påfyll
Kontorsjef for trafikant- og førarprøvetenester
Kontorsjef for trafikant- og førarprøvetenester

Statens vegvesen - Norwegian Public Roads Administration • Førde

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Fleksitid
God pensjonsordning
Trening/utdanning
+1
Kontraktsrådgiver for entreprisekontrakter
Kontraktsrådgiver for entreprisekontrakter

Statens vegvesen • Stavanger

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Fleksitid
Pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstida
Førerprøvesensor Billingstad
Førerprøvesensor Billingstad

Statens vegvesen • Asker

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Fleksitid
Pensjonsordning
Trening i arbeidstiden
+2
Trafikkoperatør
Trafikkoperatør

Statens vegvesen • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstiden
Kurs og videreutdanning
+1
Førerprøvesensor i Bodø eller Sortland
Førerprøvesensor i Bodø eller Sortland

Statens vegvesen • Sortland, Bodø

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Fleksitid og avspasering
Pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstiden
+2