A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Nærbø ungdomsskule i Rogaland søker ein engasjert lærar i eit halvårsvikariat på 80 % for våren 2027. Skulen ligg lett tilgjengeleg, og tilbyr eit godt arbeidsmiljø og tilsette med høg kompetanse.
Stillinga krev godkjent lærarutdanning, god IKT-kompetanse og gode kommunikasjonsferdigheiter. Du vil planlegge og leie elevane si læring, samarbeide med kollegaer og føresette, og bidra til eit trygt læringsmiljø.
Stillinga er eit halvårsvikariat på 80 % med moglegheit for 100 %, våren 2027 (01.01.27 - 31.07.27).
Nærbø ungdomsskule er ein skule med ca 330 elevar og 45 tilsette. Her er det hyggelege elevar og eit veldig godt arbeidsmiljø. Skulen har ambisjonar om å utvikle elevane sin dugleik på alle plan og skape gode og trygge rammar for læring. Skulen ligg nær togstasjonen, og har eigen parkeringsplass.
Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan kompensera for manglande fagleg kompetanse.
Me ønsker at du er god på relasjonar og er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar. Du kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du evnar å samarbeide med kollegaer og føresette. Du må vara løysingsorientert, engasjert, positiv og ha godt humør.
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, gif, jpeg, jpg eller png, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 måneder og regler for flyttegodtgjersle.