An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Øystre Slidre kommune søkjer kjøkkenassistent til Beito barnehage for vikarjobb i barnehageåret 2026/2027. Stillinga er 24% med arbeidstid 3 timar 3 dagar i veka og er lagt til lunchtida.
Stillinga kan kombinerast med vikartimar i avdelinga. Krav inkluderer grunnleggande norskkunnskapar og forståing av beskjedar; politiattest etter barnehagelova. Vi legger vekt på personlege eigenskapar som samarbeid og fleksibilitet.
Beito barnehage er bygd i 2005 og har lyse lokalar utforma med større og mindre rom. Barnehagen har 55 plassar fordelt på fleire avdelingar.
Barnehagen ligg plassert i eit roleg område, tett inntil skog og vatn. Vi har eit stort uteområde med naturtomt, der barna kan leike variert, utforske naturen og utfordre seg sjølv. I barnehagen møter du eit godt kvalifisert personale som har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving til barn sitt beste. Fleksibilitet, tillit, humor og glede bidreg til eit godt arbeidsmiljø i barnehagen.
Øystre Slidre kommune har fått tilskott til "toppa bemanning" i barnehagen, og vi ønskjer å bruke tilskottet til å tilsetje ein kjøkkenassistent for barnehageåret 2026/2027.
Stillinga er ledig frå dags dato og varer til og med 10.08.27. Stillinga er på 24% og har arbeidstid 3 timar 3 dagar i veka. Arbeidstida er ved lunsjtid.
Stillinga kan kombinerast med vikartimar på avdeling.
Dagny Viola Björklöf, Styrar Beito barnehage, +47 99500955
Bygdinvegen 1989
2940HEGGENES
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5184957191
Stillingsprosent: 24, 0%
Engasjement, Vikar
Søknadsfrist: 15.10.2026
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no .