A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Bergen søker jordmor til ein 100% stilling ved føde- og barselavdelinga i Voss. Stillingen gir moglegheit for langvakter og pendlarturnus. Autorisasjon som jordmor er eit krav, og søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norsk kunnskap skriftleg og munnleg.
Avdelingen har 6 barselsenger, ca 400 fødselar per år. Vi vektlegg tryggleik, nærleik og ro i fødselsforløpet og tilbyr smertebehandling etter behov. Beredskap er knytt til gynekolog og operasjonsteam døgnet rundt.
Vi har ledig ein 100% stilling og kan tilby langvakter og/eller pendlarvennleg turnus for dei som ynskjer det. For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon som jordmor. Søkjarar utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
Føde- og barselavdelinga har 6 barselsenger fordelt på 6 rom. Fødselstalet ligg rundt 400 pr. år. Vi legg vekt på tryggleik, nærleik og ro i fødselsforløpet, slik at fødselen kan gå føre seg så naturleg som mogleg. Smertelindring gjev vi etter ynskje og behov. Vi har akuttberedskap med tilgjengelig gynekolog og operasjonsteam gjennom heile døgnet.Våre fødande er tilvist oss etter seleksjonskriterier vi har i samarbeid med Kvinneklinikken i Bergen.
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover tilBergen/ Flesland og austover til Oslo
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook . Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.